Halloweenhuset - – skremmande moro for heile familien!
Tør du å gå inn?
Er de modige nok til å utforske Halloweenhuset?
Bak kvar sving kan eit spøkelse, eit skrik eller noko heilt uventa vente på deg ... Vi gler oss til å sjå dykk – om de tør! 👻
Ei Halloweenløype gjennom teateret
Fredag 24. oktober og laurdag 25. oktober blir heile teaterhuset forvandla til eit skummelt univers fullt av overraskingar.
Følg Halloweenløypa gjennom dei mørkaste krokane – kvar sving og kvart rom kan få pulsen til å slå raskare!
Skumle figurar og mystiske møte
Ein kveld fylt med spenning, mystikk og overraskingar ventar – for både små og store.
Som alle veit, er det berre under Halloween dei skumle og tvilsame karakterane vågar å vise seg. Resten av året held dei seg i skjul … men no har vi invitert dei til teateret. Kan du finne dei?
Kle deg ut – eller kom som du er
Her er alle velkomne, anten du kjem utkledd som vampyr, heks eller berre deg sjølv.
Ta med familien og vener for ein skremmande kjekk kveld full av latter, lys og lyd!
Praktisk informasjon
Tid: Inngang mellom kl. 17.00 og 20.00
Varigheit: 15–20 minutt
Stad: Det Vestnorske Teateret, Engen 18
Alder: Frå 5 år
Gratis – du treng ikkje billett!
Del opplevinga
Del bilete og videoar frå Halloweenhuset på Instagram eller Facebook med #HalloweenhusetDVT og @detvestnorsketeateret – vi premierer dei mest kreative bileta med teatergåvekort!