God dag, herr Jul
Malin og mora har nettopp flytta til Bergen, og skal feire jul her for første gong. Midt i flyttekaoset, dukkar det eine mysteriet opp etter det andre: Kvifor blinkar gatelykta? Kvifor blir nabohuset kalla for «Heksehuset»? Kvifor får Malin beskjed om at ho må spionere på naboen? Og ikkje minst; kvifor har naboen hundre juletre i stua?
«God dag, herr Jul» er full av fart, spenning og artige karakterar, musikk og dans.
Forteljinga er på samme tid både ei moderne og nostalgisk juleforteljing. Forfattar Laura Djupvik stiller spørsmål som; kva skjer med jula når vi fjernar alt det åndelege og religiøse? Ja, kva handlar jula eigentleg om?
Sjå video! Filma og redigert av Motstroem.
«God dag, herr Jul» er ei varm og nær familieframsyning, som gir plass til det å undre seg.
Familieframsyning som passar for barn frå 5 år og oppover.
Kunstarleg lag
Av: Laura Djupvik
Dramatisering: Thomas Bye
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostymedesign: Even Børsum
Komponist: Torbjørn Berglund Eriksen
Lysdesign: Silje Grimstad
Lyddesign: Gunnar Innvær
Dramaturg: Aslak Moe
Skodespelarar:
Malin: Vilde Biserød Vengnes
Henrik: Anders Vårdal Gjerde
Mora/heksa/læraren: Johanne Fossheim (samme som i fjor)
Jørgen/onkel Thor: Sigmund Njøs Hovind
Faren/vaktmeisteren: Piero Issa (samme som i fjor)
Rettar: Samlaget
Foto/visuelt uttrykk: Stig Håvard Dirdal.
Foto frå framsyninga: Andreas Roksvåg.