Forsnakk med Marit Eikemo
Kva skjer når ein roman blir til teater?
Bli med på ein samtale mellom teatersjef Thomas og forfattar Marit Eikemo om Vi er Brødrene Eikemo, vegen frå roman til scene og korleis det er å sjå si eiga historie bli levande på teaterscenen.
Marit fortel om arbeidet med romanen, om møtet mellom litteratur og teater, og om korleis det er å overlate ein tekst til andre og sjå han få eit nytt liv på scenen.
Forsnakken finn stad i Skifte bar før framsyninga av Vi er Brødrene Eikemo.
Det er gratis, og det er ingen påmelding. Her er det berre å møte opp.
Fotograf: Agnete Brun