Flyg vesle sommarfugl
Ei hyllest til søskenkjærleiken og det å strekke seg etter draumane sine i livets store eventyr.

Musikaljentene vann Norske Talenter på TV Norge med eit utdrag frå den komande musikalen Flyg vesle sommarfugl. No får musikalen endeleg si urpremiere på Det Vestnorske Teateret den 30. april 2026.
Dette blir Musikaljentenes femte sjølvskrivne framsyning – ei storslått, musikalsk forteljing framført gjennom dans, songar og krafta frå eit talentfullt ensemble av barn og unge.
Ei vakker framsyning om draumar og syskenkjærleik
Vi følgjer den unge jenta Madelen, som etter ei skjebnesvanger ulukke ser draumen om å bli dansar gli ut av hendene hennar. I kampen for å finne nytt mot blir det nære bandet mellom søstrene sett på ei hard prøve. Lillesøstera, ho som utløyste ulukka, når no høgder Madelen aldri sjølv vil kunne nå.

Framsyninga skildrar korleis det sterke søskenbandet sakte raknar medan dei begge kjempar sine eigne kampar. Madelen må finne nye vegar mot draumane sine, og på denne reisa oppdagar ho at verda framleis er full av moglegheiter.

Ta med deg heile familien og gi dei ei uforgløymeleg oppleving!
Praktisk info:
- Tilrådd alder: Passar for heile familien med barn frå 5 år og oppover
- Tilgjengelegheit: For rullestolplassar eller medhøyrsanlegg, kontakt publikum@detvestnorsketeateret.no
- Baby på teater: Det er ikkje tillate å ta med babyar inn i teatersalen på våre framsyningar. Dette er av omsyn til det øvrige publikummet og til skodespelarar på scenen.
- Scenepass 365: Max 2 billettar (i heile speleperioden).


Plakatfoto og foto: Janneche Strønen. Plakatdesign: Songbird Agency
Teatersjef Thomas Bye om samarbeidet:
- For Det Vestnorske Teateret er det viktig å vere ein arena for dei regionale kunstnarane. Vestlandet har utruleg mange talent, og det er heilt naturleg for oss å samarbeide med dei beste. Musikaljentene er blant desse, og dei har ei ganske unik historie. Det er ikkje mange i dette landet som kan skilte med å ha skapt ein så tydeleg identitet, og ein så stor gruppe med følgarar som kjem igjen og igjen. Det åleine er inspirerande for oss som teater. Vi er utruleg glade for å vere med å løfte Musikaljentene vidare.
Kunstnarleg lag
Manus, komponist, tekstforfatter: Musikaljentene Cecilia, Mathilde og Selma Indine Strønen Damm
Regi og koreografi: Musikaljentene
Musikkprodusent: Jørn Lavoll- Draum studio
Scenograf: Jan Holden, Musikaljentene
Musikalsk mentor: Julian Berntzen
Kostymedesign: Musikaljentene
Lysdesign: Jan Holden, Didrik August Strønen Damm
Lyddesign: Jørn Lavoll
Skodespelarar:
Madelen: Ella Kristoffersen Langøen og Agnes Mannsåker Matre
Thelma: Vilde Herfindalog og Tiril Berntsen Siverts
Mio: Emil Teigland-Skår
Lena: Hilde Trætteberg Serkland
Amadeus: Sigmund Njøs Hovind
Lille Madelen: Joni Wolff Henriksen
Lille Thelma: Charlene Estelle Lange Thaulow
Ensemble, ballettdansere:
Wilma Svortevik Thøgersen
Norah Theodorsen Mong
Hanna Erstad
Marie Solberg
Ensemble, teaterbarn:
Astrid Bergtun Elnes
Hedda Frantzen Vindheim
Lotta Skorpen Beinset
Lisa Grane Hisdal
Sebastian Falk Berntzen
Alva Siverts Berntsen
Alma Otilie Eriksmoen Gullberg
Helene Reijnow Rygg
Lise Sofie Mikkelrud Andreassen
Marie Solberg
Hanna Erstad
Charlene Estelle Lange Thaulow
Joni Wolff Henriksen
Ensemble, fortellere:
Selma Indine Strønen Damm
Mathilde Marie Strønen Damm
Cecilia Strønen Damm
Katharina Maria Sunniva Aafløy
Hanna Bergtun Elnes
Gjendine Eggen Kronenberg Træland
Vilja Müftüoğlu Skarbø
Frida Osestad Mikkelsen
Leva Milasiute
Lisa Grane Hisdal
Wilma Svortevik Thøgersen
Norah Theodorsen Mong