Lukk
Søk
Søk Meny

Flyg vesle sommarfugl

Ei ny eventyrleg familieframsyning av Musikaljentene, produsert i samarbeid med Det Vestnorske Teateret. EARLY BIRD pris: Kjøp billettar innan 24. desember og få Earlybird-pris til kr 320. (Ord. pris kr 400) Kampanjekode: Sommarfugl
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Ikkje avklart enno

 

Ei hyllest til søskenkjærleiken og det å strekke seg etter draumane sine i livets store eventyr.

 

Musikaljentene vann Norske Talenter på TV Norge med eit utdrag frå den komande musikalen Flyg vesle sommarfugl. No får musikalen endeleg si urpremiere på Det Vestnorske Teateret den 30. april 2026.
Dette blir Musikaljentenes femte sjølvskrivne framsyning – ei storslått, musikalsk forteljing framført gjennom dans, songar og krafta frå eit talentfullt ensemble av barn og unge.

Om framsyninga

Vi følgjer den unge jenta Madelen, som etter ei skjebnesvanger ulukke ser draumen om å bli dansar gli ut av hendene hennar. I kampen for å finne nytt mot blir det nære bandet mellom søstrene sett på ei hard prøve. Lillesøstera, ho som utløyste ulukka, når no høgder Madelen aldri sjølv vil kunne nå.

Framsyninga skildrar korleis det sterke søskenbandet sakte raknar medan dei begge kjempar sine eigne kampar. Madelen må finne nye vegar mot draumane sine, og på denne reisa oppdagar ho at verda framleis er full av moglegheiter.

 

Praktisk info:
  • Tilrådd alder: Passar for barn frå 5 år og oppover
     
  • Tilgjengelegheit: For rullestolplassar eller medhøyrsanlegg, kontakt publikum@detvestnorsketeateret.no
     
  • Baby på teater: Det er ikkje tillate å ta med babyar inn i teatersalen på våre framsyningar. Dette er av omsyn til det øvrige publikummet og til skodespelarar på scenen. 
     
  • Scenepass 365: Max 2 billettar (i heile speleperioden).

 

Plakatfoto: Janneche Strønen. Plakatdesign: Songbird Agency

Teatersjef Thomas Bye om samarbeidet:

- For Det Vestnorske Teateret er det viktig å vere ein arena for dei regionale kunstnarane. Vestlandet har utruleg mange talent, og det er heilt naturleg for oss å samarbeide med dei beste. Musikaljentene er blant desse, og dei har ei ganske unik historie. Det er ikkje mange i dette landet som kan skilte med å ha skapt ein så tydeleg identitet, og ein så stor gruppe med følgarar som kjem igjen og igjen. Det åleine er inspirerande for oss som teater. Vi er utruleg glade for å vere med å løfte Musikaljentene vidare.

 

Søstrene Mathilde, Selma Indine og Cecilia Strønen Damm med teatersjef Thomas Bye gler seg over samarbeidet. Foto: Janneche Strønen

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar
  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Kjøp billettar
  13. Kjøp billettar
  14. Kjøp billettar
  15. Kjøp billettar
  16. Kjøp billettar
  17. Kjøp billettar
  18. Kjøp billettar