Lukk
Søk
Søk Meny

Finn

FINN er ein ny komedie av Are Kalvø. Her møter vi eit galleri av menneske som prøver å rydde i bodar, forhold og fortid – med svært varierande resultat.
Kjøp billettar
Kjøp hotellpakke
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Ca 2 timar inkl. pause


Alle har ei Finn-historie

Ein mann kjøper tilbake sofaen som skulle redde ekteskapet.
Ein annan sel heile platesamlinga si for å få folk på besøk.
Nokon leitar desperat etter ein designklassikar.
Medan andre sel ein meter med sjølvhjelpslitteratur. 

Early bird - spar 150 kr

Kjøp billett før 16. august  og betal 390 kr i staden for ordinær pris 540 kr.
Tilbodet gjeld ein avgrensa periode, og dei beste plassane går først.

Steg for steg

  • Vel speledato
  • Aktiver kampanjekode: Ven26
  • Då kjem Early bird prisen opp i prislista til venstre
  • Har du BT Fordel kort, er prisen kr 380 med sommarkampanje fram til 16. august 

 

Kva fortel eigentleg nettstaden finn.no om oss nordmenn?

Nokon har kjøpt noko dei angrar på.
Nokon har selt noko dei aldri burde kvitta seg med.
Nokon leitar framleis etter akkurat den tingen som kan fikse livet litt.

I Are Kalvø sin nye komedie møter vi eit galleri av menneske som prøver å rydde i bodar, forhold og fortid – med svært varierande resultat. For på Finn handlar det aldri berre om ting.
Det handlar om draumar, minner, håp, nostalgi — og alt vi ikkje heilt klarer å gi slepp på.
FINN er ein varm komedie om alt vi samlar på, alt vi prøver å bli kvitt, og det vi eigentlig saknar.

 

 

For kva er det eigentlig vi leitar etter?

 

Are Kalvø – ein av Noregs mest folkekjære humoristar og satirikarar.

Gjennom bøker, scenetekstar, radio, podkastar og standup har han i fleire tiår fått nordmenn til å le av seg sjølve.
Han har tidlegare skrive om alt frå norske kinarestaurantar, Syden-turar og harryhandel, til hyttefolk, friluftslivshysteri og den norske trongen til å vere både heilt vanleg og heilt spesiell på same tid. 

No har Are Kalvø retta blikket mot finn.no — kanskje den mest norske møteplassen av alle.

 

Yngve Sundvor – ein av dei mest erfarne og særprega teaterregissørane i landet.

Yngve Sundvor har gjennom fleire tiår laga prisvinnande og publikumsnært teater ved scenar over heile Noreg.
Sundvor er kjend for å lage teater med høg kunstnarleg kvalitet og låg terskel for publikum: Smart, leikent, varmt og fullt av forteljarglede. Sist han besøkte Det Vestnorske Teateret skremte han livet av publikum, med skrekkframsyninga Kvinna i svart. 

Med Statsteatret gjorde Sundvor norsk historie til folketeater. No tar han fatt på den kanskje mest norske historia av dei alle: FINN.no

 

Med:

Christine Hope
Sigmund Njøs Hovind
Anne Guri Tvedt
Jan Martin Johnsen

Kunstnarleg lag

Regi: Yngve Sundvor
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Lysdesign: Silje Grimstad

Med:

Christine Hope
Sigmund Njøs Hovind
Anne Guri Tvedt
Jan Martin Johnsen

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar
  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Kjøp billettar
  13. Kjøp billettar
  14. Kjøp billettar
  15. Kjøp billettar
  16. Kjøp billettar
  17. Kjøp billettar
  18. Kjøp billettar
  19. Kjøp billettar
  20. Kjøp billettar
  21. Kjøp billettar
  22. Kjøp billettar
  23. Kjøp billettar
  24. Kjøp billettar
  25. Kjøp billettar
  26. Kjøp billettar
  27. Kjøp billettar