Lukk
Søk
Søk Meny

Emmeluth’s Amoeba

Kjøp billettar
  1. Spelar 1. oktober kl. 21
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit ca 1 time og 30 min.

Emmeluth’s Amoeba er ein banebrytande dansk-norsk kvartett som har eksistert sidan 2018, og består av fire av dei mest spennande musikarane på den skandinaviske scena i dag. Musikken er leiken og fengslande, og rører seg i det elastiske rommet mellom improvisasjon og komposisjon. Nokre gonger er musikken skjør, andre gonger er han katartiske energiutbrot. Etter mange år med intensiv turnéverksemd har bandet utvikla eit nærast telepatisk samspel. Som namnet indikerer, har gruppa vorte éi – ei amøbe, ei celle, ein organisme.

Tidlegare i år gav bandet ut sitt fjerde album, With Love, på det svenske plateselskapet Moserobie.

Kvartetten har allereie turnert mykje gjennom fleire år. I tillegg til utallige klubbscener har dei gjesta Saalfelden Jazz Festival, Moldejazz og Artacts, for å nemne nokre få. Besetninga består av medlemmar frå mellom anna Efterklang, Megalodon Collective, Hedvig Mollestads Ekhidna, Weejuns, Gard Nilssen Acoustic Unity, Andreas Røysum Ensemble og Trondheim Jazzorkester.

«…får lyttaren til å heve armane i rørt ekstase … Noko av det er gjennomtenkt og kontrollert, men det meste er overrumplande og meir hjartet utanpå t-skjorta. Bravo.»
– Audun Vinger

 

SIGNE EMMELUTH – saksofon, komposisjonar
KARL BJORÅ – gitar
OLE MOFJELL – trommer
CHRISTIAN BALVIG – piano

 

Konserten blir arrangert i samarbeid med Bergen Jazzforum.

 

Billettar

  1. SKIFTE

    Kjøp billettar