Lukk
Søk
Søk Meny

Eikemos leseselskap

Eikemos leseselskap 28. nov: Program kjem snart! 17. desember: Med Juleroser og Herborg Kråkevik - sikre deg plass no!
Kjøp billettar
  1. Spelar Neste live leseselskap: Laurdag 28. nov. kl. 21:00
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Ca 2 timar

Velkommen til Eikemos Leseselskap, eit nytt fellesskap for litteraturinteresserte med forfattargjester, klassikarsamtalar, musikk og mykje meir. Forfattar Marit Eikemo er vertskap og kurator, den litteraturinteresserte multiintrumentalisten Annlaug Børsheim er husband og psykologiprofessor og forfattar Elisabeth Norman er huspsykolog.

 


28. november : Program kjem snart!

 

 

 

17. desember kl.  18:00: Juleroser i Eikemos leseselskap

 

Velkommen til juleselskap med sjølvaste Herborg Kråkevik!  Ho har med seg årets utgåve av Juleroser, Norges mest elska julehefte.
Gjennom dikt, forteljingar, biletkunst og musikk inviterer ho til å finne lys og glede i ei hektisk og mørk tid før jul. Saman med husbandet Annlaug Børsheim vil ho mane fram den alle beste julestemninga

Og som ikkje dette er storarte nok: Den fabelaktige Gunnar Staalesen er ein av bidrasytarane til årets Juleroser - og han kjem også i selskapet for å lese frå teksten sin og snakke om sine beste juleminne.

Vi gløymer sjølvsagt ikkje julas meir problematiske og ofte såre sider: Huspsykolog Elisabeth Norman vil sjå jula frå eit psykoligisk perspektiv, og vi vil løfta fram nokre av litteraturhistorias juleklassikarar. 

Vi gler oss stort til å sjå dykk i juleselskap.

 

Foto: Sara Sanderud. Det Norske Samlaget

 

Slik blir du medlem

Bli medlem i Eikemos leseselskap og få nyhetsbrev og rabatterte billettar til  arrangementa. Det er planlagt 5 arrangement i 2026:  6. mai, 5. september, 10. oktober, 28. november og 17. desember. 

Medlemspris kr 120
Ordinær pris kr 250

Medlemskap teiknar du her!

Eg gler meg til løfterike samtalar i godt selskap

Beste helsing Marit

 

Informasjon og vilkår for Eikemos leseselskap 

Kjære alle saman, 

Eikemos leseselskap er eit medlemsbasert fellesskap for litteraturinteresserte. I dette selskapet er publikum gjester, eg er vert og kurator,  den litteraturinteresserte mulitinstrumentalisten Annlaug Børsheim er husband,  og psykologiprofessor og forfattar Elisabeth Norman er huspsykolog. 

Det blir heilaftens litteraturarrangement med aktuelle forfattargjester, opplesingar og samtalar om klassikarar frå eit litterært, psykologisk og musikalsk perspektiv, for å nevne noko.  Saman blir vi eit unikt fellesskap med litteraturinteresserte både på scenen og i salen.   

Leseselskapet treng medlemmer for å realisere arrangementa. For 2026 kostar medlemskapet 300 kroner. Ved å teikne medlemskap støttar du selskapet og får samtidig nokre fordeler: 

Medlemsrabatt på arrangementa
I 2026 er det planlagd fem arrangement på Det Vestnorske Teateret. Medlemspris: 120. For ikkje-medlemmer kostar arrangementa 250 kroner. 

Nyhetsbrev: 
Gjennom nyhetsbrevet held eg kontakt med medlemmene mellom arrangementa. Du får lesetips, skrivetips og små rapportar frå skrivelivet. 

Informasjonsjon om program og billettsal til arrangementa får du i nyhetsbrevet,  på fb-sida til leseselskapet og på Det Vestnorske teateret sine heimesider.
Eg gler meg til løfterike samtalar i godt selskap 

 

Beste helsing
Marit

 

Ved å melde deg inn i foreningen samtykker du til kommunikasjon på E-post og SMS.

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar