Lukk
Søk
Søk Meny

Eikemos leseselskap

Eikemos leseselskap #1 Om vennskap
Kjøp billettar
  1. Spelar Første live arrangement: 6. mai. Billettar i sal no!
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Ca 1, 5 time.

Velkommen til Eikemos første Leseselskap, eit nytt fellesskap for litteraturinteresserte med forfattargjester, klassikarsamtalar, musikk og opplesingar og mykje meir. Forfattar Marit Eikemo er vertskap og kurator, den litteraturinteresserte multiintrumentalisten Annlaug Børsheim er husband og psykologiprofessor og forfattar Elisabeth Norman er huspsykolog.

Tema for det første leseselskapet er vennskap, og vi gler oss til å snakke med forfattar Hilde Kvalvaag, som er aktuell med den kommande romanen Kvinner som går,  om vennskapets sterke og kompliserte plass i kvinners liv.  Det handlar om tre kvinner som går frå sørkysten av England til nordenden av Skottland, med årlege etappar over tjue år. Vi følgjer dei gjennom kriser i kjærleiksrelasjonar, med barna og med kvarandre. Ei har eit barn som blir psykisk sjukt, ei forelskar seg i ein ny mann, ei har ein utru mann.Medan dei går tenker og snakkar dei, og kjem til innsikter som påverkar livet. Har ein det eigentleg bra? Kor fri er ein? Bør ein gå frå partnaren? Lever ein eit autentisk liv?

Hilde Kvalvaag har skrive ein roman om korleis kvinner forheld seg til venninner, barn og menn, om lengsler og fridomstrong - og om gleda i det å gå.
I løpet av kvelden snakkar vi også -  med psykologisk innsikt og litterær teft: Kvifor er vennskap så godt litterært stoff?  Og korleis har forfattarar gjennom ulike tider skrive om gode, dårlege og kompliserte vennskap?


 

 

Anbefalt, men på ingen måte påkrevd, vennskapslitteratur:
Don Quijote av Miguel de Cervantes
Isslottet av Tajei Vesaas
Mi Briljante venninne av Elena Ferrante


-Og som i eit kvart godt selskap blir det overraskingar, glupe samtalar og høg stemning.


Bli medlem i Eikemos leseselskap og få nyhetsbrev og rabatterte billettar til  arrangementa. Det er planlagt 4 arrangement i 2026, med det første 6. mai. 

Medlemspris kr 120
Ordinær pris kr 250

Medlemskap teiknar du her!

Eg gler meg til løfterike samtalar i godt selskap

Beste helsing Marit

 

Informasjon og vilkår for Eikemos leseselskap 

Kjære alle saman, 

Eikemos leseselskap er eit medlemsbasert fellesskap for litteraturinteresserte. I dette selskapet er publikum gjester, eg er vert og kurator,  den litteraturinteresserte mulitinstrumentalisten Annlaug Børsheim er husband,  og psykologiprofessor og forfattar Elisabeth Norman er huspsykolog. 

Det blir heilaftens litteraturarrangement med aktuelle forfattargjester, opplesingar og samtalar om klassikarar frå eit litterært, psykologisk og musikalsk perspektiv, for å nevne noko.  Saman blir vi eit unikt fellesskap med litteraturinteresserte både på scenen og i salen.   

Leseselskapet treng medlemmer for å realisere arrangementa. For 2026 kostar medlemskapet 300 kroner. Ved å teikne medlemskap støttar du selskapet og får samtidig nokre fordeler: 

Medlemsrabatt på arrangementa
I 2026 er det planlagd fire arrangement på Det Vestnorske Teateret. Medlemspris: 120. For ikkje-medlemmer kostar arrangementa 250 kroner. 

Nyhetsbrev: 
Gjennom nyhetsbrevet held eg kontakt med medlemmene mellom arrangementa. Du får lesetips, skrivetips og små rapportar frå skrivelivet. 

Informasjonsjon om program og billettsal til arrangementa får du i nyhetsbrevet,  på fb-sida til leseselskapet og på Det Vestnorske teateret sine heimesider.
Eg gler meg til løfterike samtalar i godt selskap 

 

Beste helsing
Marit

 

Ved å melde deg inn i foreningen samtykker du til kommunikasjon på E-post og SMS.

Billettar

  1. Kjøp billettar

Bilete

Foto av dei som er med 6. mai
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}