Lukk
Søk
Søk Meny

Dylanprogram i Skifte

Varm opp til dramakomedien Dylanselskapet med hyggelege kveldar i Skifte!  
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Skifte Bar, Det Vestnorske Teateret
  3. Varigheit ca 1 time og 30 min.


Over fleire kveldar går vi inn i Bob Dylan sitt mangfaldige univers – musikken, tekstane, påverknaden og motseiingane. Dylankjennar og artist Steinar Thorsen er vert og har med seg ei rekkje sterke stemmer frå musikk, litteratur og scenekunst.
Gjennom samtale, refleksjon og levande musikk blir Dylan sett i historisk, kunstnarisk og personleg lys. Kveldar for både innbitne Dylan-lyttarar og nysgjerrige sjeler!

 

Onsdag 28. januar       kl. 20.00 – 21:30: 

Min Dylan

Bandet Dylan Dogs har spela Dylan sin musikk i 32 år. Steinar Thorsen har tolka Dylan i nesten heile sitt vaksne liv. Han fortel om korleis han blei råka av Dylan, og kva det har betydd i livet hans – at det faktisk har vore sentralt for at han har vore profesjonell scenekunstnar og dramatikar i over 30 år. Kva er det med Dylan og denne krafta som kan forandre og prege folk sine liv?

Steinar Thorsen fortel, saman med Roger Fjellstad Olsen og Jan Sigurd Vadseth, om deira forhold til Dylan – illustrert gjennom songar, akkompagnerte av Dylan Dogs.

 

 

Onsdag 04. februar     kl. 20:00 – 21:30           

Dylan, Doddo og David 

Bob Dylan har laga hundrevis av songar og heile 39 originale album. Meisterverk som Blonde on Blonde, Highway 61 Revisited, The Freewheelin’ Bob Dylan og Blood on the Tracks har inspirert musikarar og publikum over heile verda.

Steinar Thorsen i samtale med Eduardo «Doddo» Andersen og David Chelsom Vogt om korleis Dylan har inspirert låtskrivinga deira og synet deira på musikken. Vi får musikalske døme frå favorittsongane deira, og frå eigne låtar inspirerte av Dylan, akkompagnerte av Underdogs.

 

 

Onsdag 18. februar     kl. 20.00 – 21:30

Fortente Dylan Nobelprisen?

Med utgangspunkt i Nobelprisen i litteratur er det relevant å diskutere om Dylan sine tekstar har ein litterær verdi utover det dei har i samspel med musikken. Dylan stilte sjølv dette spørsmålet i takketalen då han mottok Nobelprisen i litteratur.

Steinar Thorsen i samtale med Gisle Selnes, Pedro Carmona-Alvarez, Eirik Vassenden og Tarjei Vatne. Musikalske illustrasjonar ved Underdogs og panelet.

 

 

Onsdag 25. februar     kl. 21:00 – 22:30

Dylan og damene

Mange meiner at Dylan skriv mannen si stemme, og at han har eit negativt forhold til kvinner. Tidleg i karrieren var Bob Dylan kjend for å identifisere kvinner han hadde hatt romantiske forhold til. Nokre av songane er panegyriske i hyllinga si, andre er fandenivoldske i negativiteten sin. Nokre hevdar at Dylan si kjærleiksdikting har røter i klassisk kjærleikspoesi heilt tilbake til renessansen. Men kvar står eigentleg kvinnene i Dylan si dikting? Og kva forhold har dagens kvinnelege artistar til Dylan?

Steinar Thorsen i samtale med Knut Arne Wensaas/Ole Martin Åsmul og Tine Taule. Gjestene framfører dømesongar, akkompagnerte av The Underdogs.

 

 

Onsdag 04. mars          kl. 21.00 – 22:30

Dylan på Norsk 

Lèt Dylan seg omsetje, eller må ein gjendikte han? Korleis er det å omsetje eller gjendikte Dylan, og kan resultatet legitimere og representere den kvaliteten som ligg i originaltekstane? Norske versjonar av Dylan – frå Jan Erik Vold til Tom Roger Aadland.

Steinar Thorsen i samtale med Tom Roger Aadland og Tarjei Vatne, der dei spelar sine versjonar av Dylan på norsk.

 


 

Onsdag 18. mars          kl. 21:00 – 22:30

Det menn snakkar om når dei snakkar om Dylan 


Menn snakkar kanskje ikkje mykje om kjensler, men som vi ser i stykket Dylanselskapet, er Dylan ein leverandør av nøklar inn i mannesjela – til sårbarheit, draumar, maktambisjonar, frykt, kjærleik og sorg. Kva er det med Dylan og mannesjela? Resonnerer songane heilt til botn i mannen sitt djupe sjeleliv, og i så fall korleis og kvifor?

Teatersjef Thomas Bye i samtale med regissør for stykket, Simon Lay, og to skodespelarar. Underdogs bidreg med musikalske innslag der skodespelarane tolkar sine Dylan-favorittar saman med Dylan Dogs.

 

Lørdag 21. mars kl.     21:00 – 22:30

Dylan Dogs m/gjester

Bandet Dylan Dogs har spela Dylan sin musikk i 32 år. Dei fortel om sentrale opplevingar knytte til Dylan, og om kva det er med Dylan og krafta hans som kan forandre og prege liva til folk.

Konsert med Dylan Dogs.

 

 

Gjennomførte arr:

Onsdag 21. januar       kl. 20:00 – 21:30
 : Dylan – stemma til ein generasjon
Steinar Thorsen i samtale med Embla Karidotter og Eirik Vassenden om Dylan si historiske og filosofiske plassering.  Med musikk av Underdogs – saman med Embla Karidotter og Eirik Vassenden.

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar