Den utrulege historia om den kjempestore pæra
Den utrulege historia om den kjempestore pæra er basert på Jakob Martin Strid si populære bildebok.
Om handlinga
Når idyllen i Solby blir truga av viseborgarmeister Kvist, må katten Mitcho og elefanten Sebastian redde småbyen frå å bli ein trist plass å bu. Med ei kjempestor pære som båt seglar dei av garde for å finne den sakna borgarmeisteren JB. På vegen møter dei sabelsvingande piratar, ein skummel sjødrage og uhyggjelege spøkelse, men òg farar som kanskje ikkje er så farlege likevel. Passar godt for barn frå fem år og oppover.
Det fargerike, fantasifulle og sprø universet til Jakob Martin Strid har funne vegen til mange bokhyller, og teaterversjonen av «Den utrulege historia om den kjempestore pæra» blir minst like fartsfylt og humoristisk som boka ho er basert på. I tillegg til mystikk, mot og moro, er framsyninga lasta med songar og musikk av Julian Berntzen.
Med andre ord ligg alt til rette for ein pærefekt kveld på teateret.
Film av Sebastian Dalseide.
Praktisk info:
- Tilrådd alder: Passar for barn frå 5 år og oppover
- Billettsal: Billettar kan kjøpast gjennom både Det Vestnorske Teateret (venstre side) og Den Nationale Scene (høgre side). Vi har sjølvsagt dei samme billettprisane.
- Tilgjengelegheit: For rullestolplassar eller medhøyrsanlegg, kontakt publikum@detvestnorsketeateret.no
- Baby på teater: Det er ikkje tillate å ta med babyar inn i teatersalen på våre framsyningar. Dette er av omsyn til det øvrige publikummet og til skodespelarar på scenen.
-
I korte sekvensar vert det nytta scenerøyk og strobelys i framsyninga.
Ei unik moglegheit for ein teaterkveld med familien !
Opplev moro og mystikk saman
Eventyrleg handling: Bli med katten Mitcho og elefanten Sebastian på ei reise fylt med piratar, sjødragar og skumle spøkelse!
Fargerikt univers: Eit sprudlande teaterstykke basert på den populære boka som har fanga hjarta til mange barn.
Musikalsk glede: Julian Berntzen og Kato Ådland har komponert og arrangert fengande musikk som vil få både små og store til å smile.
“Pærefekt” for familien: Ein unik sjanse til å oppleve moro, mot og mystikk saman.
Kunstnarleg lag
Basert på: Den utrulege historia om den kjempestore pæra av Jakob Martin Strid
Manus og songtekstar: Anders Lundorph
Musikk: Julian Berntzen
Underscore, arrangement og musikkproduksjon: Kato Ådland
Omsett frå dansk: Aslak Moe
Regissør: Line Paulsen
Scenograf: Vasylyna Kharchevka
Kostymedesignar: Mari Hesjedal
Musikalsk leiar: Kato Ådland
Koreografisk assistanse: Ann-Terese Aasen
Lysdesignar: Silje Grimstad
Lyddesignar: Lars-Andreas Forthun
Dramaturg: Aslak Moe
Rolleliste/ Skodespelarar:
Sebastian: Sigmund Njøs Hovind
Mitcho: Kamilla Grønli Hartvig
Jeronimus B, Benny, Politi, Ulysses Karlsen, Pirat, Spøkelse: Stine Robin Eskildsen / Kristian Berg Jåtten (vikar i januar)
Kvist, Pibbenibb, Oldefar, Pirat: Jonatan Filip Johansen
Rekyl, Stroganoff, Spøkelse: Reny Marie Folgerø
Sofie, Glukose: Svein Harry Schöttker-Hauge
Ziggy/ Musikar: Tommy Haltbakk
Produsert i samarbeid mellom Den Nationale Scene og Det Vestnorske Teateret.
Produsert etter avtale med Songbird Agency og Gyldendal Group Agency København.
Illustrasjon: Jacob Martin Strid. Logo: Julian Berntzen
………………………………………………………………………..
NB: Få billettar igjen!
Billettsal: Billettar kan kjøpast gjennom både Det Vestnorske Teateret (venstre side) og Den Nationale Scene (høgre side).
Vi har sjølvsagt dei samme billettprisane.
Billettar
-
Utseld
-
Utseld
-
Utseld
-
Utseld
-
Utseld