Den unge Michelsen – på veg mot makt
Før han blei statsminister
Før 1905.
Før unionsoppløysinga.
Før han hamna på ein 21 meter høg sokkel.
Kven var Christian Michelsen før han blei ein av dei mest sentrale politikarane i norsk historie?
I framsyninga Den unge Michelsen – på veg mot makt blir publikum inviterte inn i ein teaterleik om mennesket bak den historiske skikkelsen. På Gamlehaugen, Michelsen sitt eige heim, trer vi inn i vala som førte den borgarlege rikmannssonen opp på makta sine tindar.

Foto: Andreas Roksvåg og Statsbygg. Videolenke til facebook.
Eit dramatisk liv
På vegen mot makt møter Michelsen både:
- motgang
- kjærleik
- framsteg
- og tap
Gjennom ei intens og nær teateroppleving følgjer vi han frå oppvekst i Bergen, via studiar og næringsliv, og inn i politikken – fram til terskelen av det som skulle gjere han historisk.

Foto: Andreas Roksvåg
To skodespelarar ber framsyninga
Den eine er Michelsen, den andre er alle dei som stod han nær: familie, vener, politiske allierte og fiendar. Saman utforskar dei eit dramatisk liv – frå oppvekst i Bergen, via studiar, næringsliv og politisk inngang, fram til terskelen av det som skulle gjere han historisk.
Kunstnarleg lag
Manus og regi: Thomas Bye
Med:
Sigmund Njøs Hovind (Michelsen. Sigmund spelar òg i Mordet på Michelsen, både i 2025 og i år).
Katrine Lovise Øpstad Fredriksen (Det er hennar første engasjement ved Det Vestnorske Teateret).
Takk til Atle Thowsen, forfattar av boka Michelsen - En ung mann søker sin fremtid, som har vore viktig kjelde i manusprosessen.

Foto: Andreas Roksvåg
Ein ny sommar med teater på Gamlehaugen
Foto: Andreas Roksvåg
Etter ein fantastisk suksess i fjor med Mordet på Michelsen, fortset Det Vestnorske Teateret teateropplevingane på Gamlehaugen.
Krimkomedien, skriven av Gunnar Staalesen, vart ein kjempesuksess i 2025.
I løpet av speleperioden hadde framsyninga:
- over 3300 publikummarar
- fordelt på 72 utselde framsyningar
i den historiske hallen på Gamlehaugen.
Stykket kjem tilbake 6.–30. august 2026.
Foto: Statsbygg
Teater og omvising – på Gamlehaugen
Opplev Unge Michelsen eller Mordet på Michelsen inne på historiske Gamlehaugen – og kombiner teaterkvelden med ei eksklusiv omvising i statsministerbustaden frå 1905.
Gamlehaugen tilbyr omvising i forkant av dei tidlegaste framsyningane. (Omvising er ikkje inkludert i teaterbilletten og må kjøpast separat.)
Desse billettane finn du her: Statsbygg/Gamlehaugen ut for sal på sine nettsider.
NB: Det er svært få plassar per omvising. Dersom du vil kombinere teater med omvising, kan du kjøpe teaterbilletten i kategorien: Kombi (berre framsyning) til kr 290.
Ei intim teateroppleving
Framsyninga blir spela inne på Gamlehaugen, i historiske omgjevnader tett knytt til historia om Christian Michelsen.
Det betyr også at det er svært avgrensa tal plassar per kveld.

