Lukk
Søk
Søk Meny

Den unge Michelsen – på veg mot makt

EKSTRAFRAMSYNINGAR er ute no!
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Inne på Gamlehaugen
  3. Varigheit ca 45 min

Før han blei statsminister

Før 1905.
Før unionsoppløysinga.
Før han hamna på ein 21 meter høg sokkel.

Kven var Christian Michelsen før han blei ein av dei mest sentrale politikarane i norsk historie?

I framsyninga Den unge Michelsen – på veg mot makt blir publikum inviterte inn i ein teaterleik om mennesket bak den historiske skikkelsen. På Gamlehaugen, Michelsen sitt eige heim, trer vi inn i vala som førte den borgarlege rikmannssonen opp på makta sine tindar.

 


Foto: Andreas Roksvåg og Statsbygg.  Videolenke til facebook.

Eit dramatisk liv

På vegen mot makt møter Michelsen både:

  • motgang
  • kjærleik
  • framsteg
  • og tap

Gjennom ei intens og nær teateroppleving følgjer vi han frå oppvekst i Bergen, via studiar og næringsliv, og inn i politikken – fram til terskelen av det som skulle gjere han historisk.

 


Foto: Andreas Roksvåg 

To skodespelarar ber framsyninga

Den eine er Michelsen, den andre er alle dei som stod han nær: familie, vener, politiske allierte og fiendar. Saman utforskar dei eit dramatisk liv – frå oppvekst i Bergen, via studiar, næringsliv og politisk inngang, fram til terskelen av det som skulle gjere han historisk.

Sigmund Njøs Hovind er den eine skodespelaren (Michelsen. Sigmund spelar òg i Mordet på Michelsen, både i 2025 og i år).

 

Foto: Andreas Roksvåg 

Ein ny sommar med teater på Gamlehaugen

Foto: Andreas Roksvåg
 

Etter ein fantastisk suksess i fjor med Mordet på Michelsen, fortset Det Vestnorske Teateret teateropplevingane på Gamlehaugen.

Krimkomedien, skriven av Gunnar Staalesen, vart ein kjempesuksess i 2025.

I løpet av speleperioden hadde framsyninga:

  • over 3300 publikummarar
  • fordelt på 72 utselde framsyningar

i den historiske hallen på Gamlehaugen.

Stykket kjem tilbake 6.–30. august 2026.

Foto: Statsbygg
 

Teater og omvising – på Gamlehaugen

Opplev Unge Michelsen  eller Mordet på Michelsen inne på historiske Gamlehaugen – og kombiner teaterkvelden med ei eksklusiv omvising i statsministerbustaden frå 1905.

Gamlehaugen tilbyr omvising i forkant av dei tidlegaste framsyningane. (Omvising er ikkje inkludert i teaterbilletten og må kjøpast separat.)

Desse billettane finn du her:  Statsbygg/Gamlehaugen ut for sal på sine nettsider.
NB: Det er svært få plassar per omvising.  Dersom du vil kombinere teater med omvising, kan du kjøpe teaterbilletten i kategorien: Kombi (berre framsyning) til kr 290.

Ei intim teateroppleving

Framsyninga blir spela inne på Gamlehaugen, i historiske omgjevnader tett knytt til historia om Christian Michelsen.

Det betyr også at det er svært avgrensa tal plassar per kveld.

Billettar

  1. Utseld

  2. Utseld

  3. Kjøp billettar
  4. Utseld

  5. Kjøp billettar
  6. Utseld

  7. Kjøp billettar
  8. Utseld

  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Utseld

  13. Kjøp billettar
  14. Utseld

  15. Kjøp billettar
  16. Utseld

  17. Kjøp billettar
  18. Utseld

  19. Kjøp billettar
  20. Utseld

  21. Kjøp billettar
  22. Utseld

  23. Kjøp billettar
  24. Utseld

  25. Kjøp billettar
  26. Kjøp billettar
  27. Kjøp billettar
  28. Utseld

  29. Kjøp billettar
  30. Utseld

  31. Kjøp billettar