Gåvekort til jul?

Gi ei teateroppleving i julegåve! Du kan sjølv velje beløp og etter betaling får du tilsendt gåvekortet på e-post. Enklare blir det ikkje! Du kan deretter skrive ut og pakke inn eller vidaresende gåvekortet til den du ønsker å gi det til.

Publisert

 

Kjøp gåvekort her: https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/coupon

Slik bruker du gåvekort:
Gåvekort kan kun nyttast til kjøp av billettar til Det Vestnorske Teateret. Kvart gåvekort har ein unik kode. Når du har valgt dine plassar og billettypar og komen til sida for «Kontroll og betaling», tastar du inn denne koden i feltet «Gåvekortkode» og klikkar så på oppdateringsknappen. Totalbeløpet vert då redusert tilsvarande gåvekortets verdi. Klikk så på «Kjøp no» og du blir leia vidare til den eksterne betalingsleverandøren.

Ved eventuelt restbeløp på gåvekortet, vert det utsteda eit nytt gåvekort som e-billett (PDF). Dette vert sendt automatisk på e-post til den som har nytta det opprinnelege gåvekortet til å kjøpe billettar.

Gåvekort er gyldig i eitt år fra kjøpsdato, men kan også nyttast som betaling for framsyningar fram i tid. Det er ikkje mogleg å trekke gåvekortet sin verdi frå allereie kjøpte billettar.