Lukk
Søk
Søk Meny
Den nye logoen vår

Nytt namn, logo og nettside

Frå 1. oktober endra Hordaland Teater namn til Det Vestnorske Teateret og har fått ny logo og nye nettsider. -Den nye logoen er enkel og moderne med ein tydeleg accent. Den passar godt med våre ambisjonar når vi no går inn i ei spennande tid kor vi vil halde fram med å bygge eit nynorsk samtidsteater for heile den vestnorske regionen, seier teatersjef Solrun Toft Iversen

Publisert

Det er grafisk designar Arne Storhaug ved Artgarden som har utvikla den nye logoen og webfirmaet Apility som har utvikla dei nye nettsidene. -Vi vil også i samråd med huseigar «døypa» om Logen-bygget til «Det Vestnorske Teateret» og er no i ferd med å få opp nye skilt på fasaden. På sikt vil nok bygningen på folkemunne bli til «Det vestnorske» sjølv om bergensarar og strilar nok vil seie Logen i lang tid, seier teatersjefen. Einaste som no vert med vidare er namnet på «kulturinstitusjonen» Logen Bar, som altså vert heitande det samme. -Namnebytte vil ikkje få konsekvensar for turneverksemnda.  Vi vil halde fram med å turnere enkelte av produksjonane avsluttar ho.