Lukk
Søk
Søk Meny

Vamp

Vamp tilhøyrer eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møte mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela.
  1. Spelar
  2. Scene Det Vestnorske Teateret (i Logen)
  3. Varigheit Ca 2 timar.

Som vêret på vestlandet er dei fulle av kontrastar, frå det valdsame og dramatiske til det lune og inderlege. Gjennom 26 år har dei spelt inn 14 album og hausta mykje heider og ære. Dei har selt over 1 million plater og bl.a. mottatt 5 Spellemannprisar og Prøysenprisen . Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei auser av på konsertane sine, og i tillegg får vi også høyre nokre nye songar frå deira kommande album, ”Brev” som kjem ut hausten 2019.

Med

  1. Fele, fløyter, vokal, bratsj og trekkspill: Øyvind Staveland
  2. Vokal og gitar: Jan Toft
  3. Trommer, vokal, piano, perkusjon og trekkspel: Odin Staveland
  4. Gitarer, mandolin, tenorbanjo og kor: Stian Tønnesen
  5. Bass og kor: Kjetil Dalland
  6. Orgel , trekkspill og kor: Lars-Erik Støle