Lukk
Søk
Søk Meny

Tordivelen flyg i skumringa

Vi er glade for at denne nydelege og spennande framsyninga kjem tilbake til hausten!
  1. Spelar Ny speleperiode hausten 21!
  2. Scene Det Vestnorske Teateret (i Logen)
  3. Varigheit Ca 1 time og 40 min.

 


Vi held på å planlegge ny speleperiode. Alle detaljar er ikkje på plass enno, så vi må vente med å legge ut billettsal og speleperiode. Meir info om kor tid dette blir kjem i løpet av august.  ​

 

I ei doven svensk bygd driv tenåringane Annika, Jonas og David ut i sommarkvelden med ein bandopptakar. I jakta på spennande lyder endar dei opp i hagen til den gamle Selandergården. Her, gjennom summinga av insekter og støyen frå det forbipasserande nattoget, plukkar mikrofonen opp ei stemme. Er det nokon som forsøker å nå dei frå ein annan dimensjon ? Dette vert starten på eit mysterium der ei rekke underlege hendingar grip inn i kvarandre. Gjennom uforklarlege telefonsamtaler, ei plante si underlege framferd og eit skrin med gamle kjærleiksbrev, byrjar ungdommane å nøste i ei historie som strekk seg fleire generasjonar tilbake i tid,  og som opnar augo deira for at det finst meir mellom himmel og jord enn dei kan fatte.

Maria Gripe si forteljing er blant våre sterkaste romanklassikarane for barn og unge. Opprinneleg vart den laga som eit høyrespel i 1979, og serien vart for nokre år sidan kåra til det beste høyrespelet for ungdom i NRK, nokonsinne. «Tordivelen flyg i skumringa»  er både ei sanseleg og medrivande spenningsforteljing, og ei tankevekkande påminning om korleis vår tid på jorda set spor for dei som kjem etter oss, både i relasjonar og i det økologiske kretslaupet vi påverkar.  
I Miriam Prestøy Lie sin regi og Tora Troe sin scenografi, kan vi love ei visuell, leiken og spennande framsyning for eldre barn og ungdom. 

Av: Maria Gripe
Dramatisering og regi: Miriam Prestøy Lie
Scenografi- og kostymedesign: Tora Troe
Komposisjon/lyd: Selma Frida Stang 
Lys- og videodesign: Silje Grimstad

I rollene:
Annika Berglund: Anne Wiig
Jonas Berglund: Peiman Azizpour
David Stänfeldt: Petter Winther
Pastor Lindroth, Svante Stänfeldt, m.fl.:Stig Amdam
Fru Berglund, Fru Gøranson, m.fl: Katrine Lunde Mackenzie

 

Foto/video:  Andreas Roksvaag

Alder frå 10 år.
 

 

Bilete

Foto: Andreas Roksvaag
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Presseomtale

Flotte meldingar etter premieren!