Lukk
Søk
Søk Meny

O3:08:38 Tilstandar av unntak

Transiteatret opnar teateråret med Bergens-premiere på framsyninga "03:08:38 Tilstandar av unntak" på Det Vestnorske Teateret.
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Logen
  3. Varigheit 3 timar, 8 min. og 38 sek.

Transiteatret-Bergen opnar teateråret med Bergens-premiere på framsyninga “03:08:38 Tilstandar av unntak” av Tore Vagn Lid.

Framsyninga er ein rekonstruksjon av ettermiddagen 22. juli 2011 presentert i sanntid, sentrert rundt ein komposisjon av autentiske radiosendingar og lydopptak frå denne dagen. Mot lydkulissane arbeider eit team av teiknarar, filmskaparar og musikarar med sine fortolkingar av tida og hendingsforløpet. Her finn vi markante bergenskunstnarar som blant andre perkusjonist Terje Isungset, bildekunstnar Arvid Pettersen og teiknar Fredrik Rysjedal. Eit kor er sett saman for anledninga. 
Tre timar, åtte minutt og trettiåtte sekund var tida det tok ein ung mann å sprenge eit norsk regjeringsbygg for så å avrette unge sosialdemokratiske politikarar på sommarleir. Korleis reagerte (om)verda? Kva blei sagt utanfor Noreg? Korleis reagerte ulike samfunn, ulike menneske – ikkje etterpå – men midt i ein slik tilstand av unntak, der ingen enno visste noko sikkert om omfang, årsak og motivasjon; der spekulasjonar gjekk i alle retningar; der Facebook-bilde blei bytt ut med nasjonale symbol; der fortrengte politiske fordommar fekk spele seg ut på gateplan? 

Som mange gongar tidlegare presenterer Transiteatret-Bergen eit teateruttrykk som utfordrar førestillingane våre om kva teater kan vere. Denne gongen speler sjølve tida og våre eigne minne hovudrolla. 

Etter ein serie av etydar framført blant anna i Frankfurt og Fjaler, blei ein såkalla «online-premiere» av 03:08:38 kringkasta under Festepela i Nord-Norge 22. juni 2019. Frå lyttepostar i Kontrollrommet på NTNU i Trondheim og Totalarena Wrap i Bergen kunne ein delta på framsyninga. Sjå kva ei begeistra presse skreiv i presseomtalen (under bileta, lengre ned på sida).
 
Sceneversjonen hadde bergenspremiere på Det Vestnorske Teateret, Logen, 15. januar 2020 kl. 18.00

«03:03:38 Tilstander av unntak» Av Tore Vagn Lid

Audiovisuelt konsept og regi: Tore Vagn Lid
Scenografi: Øystein Nesehim / Tore Vagn Lid
Kamerateam: Anders Elsruud Hultgreen / Øystein Nesheim / Tor Christian F. Bleikli
Tegnere: Øystein Nesheim, Arvid Pettersen, Fredrik Rysjedal
Komponister: Tore Vagn Lid / Terje Isungset

Arrangør av Franz Schuberts: «Strykekvartett Døden & Jomfruen» No.14 / Strykekvintett D 956) Tore Vagn Lid
Teknikk/Teknisk avvikling: Mathias Grønsdahl
Lyddesing: Tore Vagn Lid/ Morten Skage / Mathias Grønsdahl
Musikere:
Terje Isungset, Per Jørgensen, Tore Vagn Lid, Morten Skage
Korister:
Idar Aaserud Løvlid, Hilde Annine Hasselberg, Rolf J Stewart, Ingvill Espedal, Tora Kristiane Finne, Karl Reksten, Alexander Fiske Fosse, Erling Hannaas, Daniela Iancu Johannessen.


Research:
Øystein Nesheim, Tor Christian Bleikli, Tore Vagn Lid

Research-team Trondheim:
Forskergruppen Kontrollrommet (NTNU) ved Petter Grytten Almklov, Jens Røyrvik, Barbro Rønning, Haakon Fyhn, Kristin Halvorsen m.fl.

Research-team Tyskland (internasjonale sendinger):
Saija Kontio, Anna Neudert, Agnes Fink, Maíra Wiener, Ching Wen Peng, Julia Forgacs, Insa Peters, Xiaofen Wang, Alexandra Finder, Julia Salzmann, Ivana Mitric, Dennis Hoss, Helene Röhnsch, Ozi Ozar, Anja Schneidereit, Angelina Stross, Fabian Mauderer, Anne-Laure Thumerel.
 
Produsert av Transiteatret-Bergen i samarbeid med:
Det Vestnorske Teatret , Wrap Arts Centre, Dramatikkens hus, Festspillene i Nord-Norge, Institutt for medievitenskap W. Goethe Universitet, (Frankfurt a.M.),og Vega Scene.
Prodsent: Transiteatret-Bergen ved Tor Christian Bleikli
Informasjonsansvarlig: Ingvild Bræin
Inspisient: Kikkis Holmaas
Støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune.
 

Les meir på Transiteatrets eigne nettsider

 

Billettar

  1. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Kjøp billettar
  2. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Kjøp billettar

Bilete

Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Presseomtale