Lukk
Søk
Søk Meny

Svar på brev frå Helga

Kjære publikum! Tusen takk for alle nydelege tilbakemeldingar. Det har vore ei glede å kunne spele for publikum. Speleperioden er no heilt avlsutta.
  1. Spelar
  2. Scene Det Vestnorske Teateret (i Logen)
  3. Varigheit 1 time 15 minutter (utan pause).

 

Den islandske romanen «Svar på brev frå Helga» av bergensbusatte Bergsveinn Birgisson er omsett til fleire språk og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Teaterframsyninga med Ragnhild Gudbrandsen og Helge Jordal  hadde turné i samarbeid med Riksteateret i 2019, til stor suksess både blant publikum og kritikarar. Framsyninga skulle eigentleg vore spelt våren 2020 i Logen, men vart stoppa då vi måtte stenge ned pga korona. Vi er glade for at vi i februar/mars 2021 endeleg fekk spele for publikum i Bergen! Tusen takk til alle som kom for å sjå. 

…………………………………………………………………………………………………………………………………………….

Den stolte sauebonden Bjarne sitt liv går mot slutten. Men før han kan legge ut på den siste ferda må han gå i møte med seg sjølv, dei vala han gjorde, det livet han levde og det livet han ikkje torde leve. Det blir ei saftig forteljing om kjærleik og livskamp, erotiske minner blanda med soger om gløymde lik, lågføtte verar og dagen då Farmall- traktoren kom.

 

 

Videoen er produsert av Riksteatret i 2019. 
Stillsfoto: Erik Berg. 

Framsyninga er produsert av Det Vestnorske Teateret. Riksteatret var samarbeidspartnar hausten 2019 då dei hadde premiere i Oslo med påfølgande turné.
I 2021 vert framsyninga presentert av Det Vestnorske Teateret i samarbeid med Den Nationale Scene. 
Produsert etter avtale med Teaterforlaget Songbird AS.

Bilete

Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Presseomtale

Meldingar etter Bergenspremieren i 2021 og frå turneen i 2019

Med

  1. Skodespelar: Helge Jordal
  2. Skodespelar: Ragnhild Gudbrandsen

Kunstnarleg lag

  1. Av : Bergsveinn Birgisson
  2. Oversetting: Johannes Gjerdåker
  3. Dramatisering og regi: Stig Amdam
  4. Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
  5. Lysdesign: Kai Roger Havn
  6. Lysdesign: Einar Bjarkø