Lukk
Søk
Søk Meny

Segner

Bli med på eit møte mellom Noreg, Færøyane og Island i diktning, musikk og bilete!
  1. Spelar
  2. Scene Logen Bar
  3. Varigheit 50 min.

Teaterkonsert i Logen Bar 

Bli med på eit møte mellom Noreg, Færøyane og Island i diktning, musikk og bilete!

Inspirasjonen er henta frå fjell, fuglar og havet som bind landa saman.

Ragnhild Vannebo vil framføre tekstar av diktarar frå Island, Færøyane og Noreg; Jon Fosse, Einar Økland, Karl Ove Knausgård, Snorre, Halldor Kiljan Laxness, Ingibjørg Haraldsdottir, William Heinesen og Bergsveinn Birgisson.

Med Ragnhild Vannebo (tekst), Heine Bugge (trekkspel) John Pål Inderberg (saxofon) og Elisabeth Vannebo (tuba).Scenografen Worm Winther har konstruert ein spesialbåt som vil “føre” publikum frå tema til tema. Randi Lervik har regi. Vi har henta inspirasjon i bileta til den norsk-islandske billedkunstnaren Heidi Strand. Teppa hennar er med i framsyninga.