Lukk
Søk
Søk Meny

Sandharpesongar

Sandharpesongar – Kjartan Fløgstad i ord og tonar. Eit musikalsk program der forfattaren deler scene med Gabriel Fliflet og Berit Opheim.
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Logen Bar
  3. Varigheit ca 1 time



Dette er eit musikalsk program der forfattaren deler scene med to musikarar som har samarbeidd i 30 år; Berit Opheim og Gabriel Fliflet. Berit Opheim er vokalist i særklasse, ein folkesongar og tradisjonsbærar med stort repertoar, og Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og komponist, som hentar impulsar frå framande land og gjerne let dei falda seg ut i sjangeroverskridande tonedrakt.
Før Fløgstad vart landskjend som romanforfattar var han lyrikar, og poetiske tekstar av ulikt slag vert ofte inkorporerte i romankunsten hans.  I fjor gav han ut songsamlinga “Sandharpesongar” og no i haust kom ein ny byggjestein i det store romanverket hans, “Due og drone”.

Tilskipar: Vestmannalaget i samarbeid med Det Vestnorske Teateret
 

 

Billettar

  1. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Kjøp billettar