Lukk
Søk
Søk Meny

Rett på sak

Vi er no ferdig med speleperiode for denne gongen. Tusen takk for gode tilbakemelding frå vårt kjære publikum! Set pris på kvar einaste ein.
  1. Spelar 8 kjende kvinnestemmer – 8 ukjende kvinner –1 skodespelar
  2. Scene Logen bar
  3. Varigheit 1 time og 15 min.

Vi håpar å få til nye speledagar. Kjem tilbake til meir info om dette her på nettsida. 

……………………………………………………………………………………………………………………………………………...

 

I framsyninga får vi høyre frå talar og artiklar ytra av kvinner frå stemmerettskampen i 1888 og fram til i dag. Skodespelar Reidun Melvær Berge formidlar deira ord og tankegods i ulike skikkelsar av kvardagslege kvinner. 

Til dømes er Eva Joly sine ord om korrupsjon lagt i munnen til ein aupair og den 14-årige miljøforkjemparen Penelope Lea  si stemme kjem til uttrykk gjennom ei gamal kvinne.

Kven eig desse orda? Kven eig desse kampane? Og kva betyr dei for kvar og ein av oss?  

Orda dei ytrer er alt anna enn kvardagslege – det er talar, artiklar og tekstar skrive og framført av nokre av landets modigaste, skarpaste og handlekraftige kvinner. 
Det desse kvinnene har til felles er at dei har teke sin plass i det offentlige rom, i eit ønske om å gjere den norske kvardagen betre for alle. Dei har bana vegen for kvarandre, og for andre. Desse orda har vore med på å forme Noreg slik det er idag, og gjort det daglege norske livet til ei unik tilvere i verdssamanheng. 

 

Karaktergalleriet og tekstane du møter i “Rett på sak” :


Kokken:
Else Michelet, frå teksten «Våpenhandlerens nattmat»

Politietterforskaren:
Berit Ås, frå teksten «Kvinnekultur», 13.10.79

Målarlæraren:
Ragna Nielsen, tale om kvinners stemmerett i Arbeidersamfunnetssal i Oslo, 1888

Soldaten:
Kari Jaquesson, frå artikkelen «Mann kan ikke bli kvinne» i Dagbladet 24.07.18

Den gamle:
Penelope Lea, tale på konferansen «Broen til fremtiden», 22.03.19

Aupairen:
Eva Joly, tale frå mottakinga av «Sofieprisen» i 2012

Biskopen:
Eva Ramm, frå «Epleslang i Eden», 1989

Skodespelaren:
Reidun Melvær Berge, framsyninga «Rett på sak», DVT 2021

 

RETT PÅ SAK

Manus: Frode Gjerløw og Reidun Melvær Berge 
Regi: Frode Gjerløw 
Med: Reidun Melvær Berge 
Scenografi: Frode Gjerløw 
Musikk: Kato Ådland 

Produksjonsteknisk personell:
Lyd: Cem Arapkirlioglu
Lys: Jon Eirik Sira
Scenografibygging: Cristiano Mira
Systove: Britt Koldal
Inspisient: Tina Horrisland Engedal
Research assistent: Oda Alisøy 

 

------------------------------------------------------------------------
Foto plakat: Thor Brødreskift. Kollage: Frode Gjerløw

Programhefte med tekstane

Til info vert eit ulada softgun gevær brukt i ein scene i framsyninga. 


Framsyninga er inspirert av filmen «Manifesto» med Cate Blanchett.

Bilete

Foto: Thor Brødreskift
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Presseomtale

Meldingar etter urpremieren 19. mars 2021