Lukk
Søk
Søk Meny

Raskolnikov

Kor mange gode handlingar må til for å vege opp for eit brotsverk?
  1. Spelar
  2. Scene Det Vestnorske Teateret (i Logen)
  3. Varigheit 4 t og 15 m - Utan pause

Speleperioden hos oss i Bergen er no avslutta. Siste framsyning var 12.10.
Tusen takk for alle gode tilbakemeldingar på denne heilt unike teateropplevinga!

Om konseptet:

I denne framsyninga følgjer vi Raskolnikov si ville flukt frå eigne handlingar på ein særskilt og intens måte. Handlinga utspelar seg i alle krikar og krokar på og rundt teateret. Vi kjem heilt tett på skodespelarane gjennom eit live-kamera som følgjer deira gjennomleving av Raskolnikov sitt brotsverk medan vi opplever det direkte overført til stort lerret. Gjennom godt og vel fire timar vert vi omslutta av oppslukande handling og eit hus som pulserer av spaning og aktivitet. Regissør Kjersti Horn har tidlegare iscenesett klassiske stykke med ein heilt særeigen vri. Mykje tyder på at dette blir ein Raskolnikov du ikkje har sett før.

Framsyninga er eit samarbeid med Det Norske Teatret.

Om handlinga:

I fleire veker har Raskolnikov lege åleine i det vesle, skitne rommet sitt og konstruert ein teori: Verda er full av fattige, fortvilte undermenneske som vandrar rundt med bøygd hovud og let seg kue. For så nedrig er mennesket, at det venner seg til alt. Berre nokre få utvalde overmenneke er i stand til å tenke nytt. Og dei har rett til å bryte lova Raskolnikov set seg føre å finne ut av kva gruppe han høyrer til.

Med ei øks på innsida av frakken går han til ei pantelånarske som skor seg på andre folk si naud. Om han klarer å drepe henne, vil han ikkje då fri samfunnet for eit skadedyr? Han kan ta pengane hennar, få råd til å ete og drikke igjen, halde fram med studia og bli noko stort, noko større enn seg sjølv. Eller er ikkje straffa til å unngå? Vil anger, skuld og tvil ete han opp innanfrå?

BROTSVERK OG STRAFF
I Raskolnikov, basert på romanen «Brotsverk og straff» av Fjodor Dostojevskij, blir vi dregne inn i det mørke tankespinnet til Raskolnikov. Det er ei forteljing om kor gale det kan gå når eit ungt, pressa menneske isolerer seg med ideane sine. Men sjølv om Raskolnikov skuvar alle frå seg, er det stadig nokon som kjem og prikkar han på skuldra.

Den russiske forfattaren Dostojevskij fornya romansjangeren med sin særeigne kombinasjon av djup psykologisk innsikt, religiøs og moralsk argumentasjon og krasse sosiale skildringar. Frå 1890-talet påverka han europeisk og nordisk litteratur. Mellom dei norske forfattarane som blei inspirerte av han, var Knut Hamsun og Olav Duun.

Regissør Kjersti Horn har tidlegare iscenesett klassiske stykke med ein heilt særeigen vri. Mykje tyder på at dette blir ein Raskolnikov du ikkje har sett det før.

 

Framsyninga er eit samarbeid med Det Norske Teatret

Plakatfoto: Eirik Malmo

Bilete

Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Presseomtale

Med

  1. Preben Hodneland
  2. Frode Winther
  3. Anna Ladegaard
  4. Kaia Varjord
  5. Emil Johnsen
  6. Nina Woxholtt
  7. Svein Roger Karlsen

Kunstnarleg lag

  1. Dramatisering: Tormod Skagestad
  2. Regi: Kjersti Horn
  3. Scenograf og kostymedesignar: Sven Haraldsson
  4. Lyddesignar: Erik Hedin
  5. Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen
  6. Videoregissør: Mads Sjøgård Pettersen