Lukk
Søk
Søk Meny

Pernilleprisen

Bli med på storslått feiring av scenekunståret 2020! Søndag 31. januar er du invitert til å bli med på eit spennande prisshow direkte frå Store Scene på DNS kl 19:00. Du kan sjå sendinga på bt.no Nokre få billettar er lagt ut for sal. (Snart utseld!)
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Store scene, Den Nationale Scene, blir strømma til bt.no
  3. Varigheit 75 min.

 

 

Saman med Bergen Teaterforening og Bergens Tidende, går byens teaterhus saman om å løfte fram høgdepunkta frå 2020. Sjølv om pandemien kasta mørke skuggar over byens scenar og restriksjonar begrensa kapasiteten, ga dei medvirkande alt – uansett om det var 10, 20, 50 eller 200 i salen. På Store Scene, DNS, skal det delast ut fire gjeve prisar og vi får utdrag fra fleire framsyningar som ”Heim 3”, “Sandra feier for egen dør”, ”Ulverock” og ”Cabaret”. Alle byens scenehus bidreg med innslag og Carte Blanche-dansarar kan du treffe i Teaterparken frå kl 18:30 samme kveld.

Showet på Store Scene vert leia av Eirik del Barco Soleglad og med seg har han sjumannsorkesteret frå ”Cabaret”.

Prisane som skal delast ut er:

Pernillestatuetten: Vert delt ut av Bergen Teaterforening til ein scenekunstnar for ein stor prestasjon eller lang kunstnerisk innsats.
Rampeløkten: Vert delt ut av Bergen Teaterforening for årets mest spennande og nyskapande teaterprosjekt eller for aktivt arbeid innanfor teatermiljøet.
BTs kritikerpris: Bergens Tidendes ekspertjury kårar årets beste forestilling
BTs publikumspris: Stem på din favoritt på bt.no! Kvart teater har nominert ein kandidat hver.

Pernilleprisen er eit samarbeid mellom Bergen Teaterforening, Den Nationale Scene, Det Vestnorske Teateret, Fyllingsdalen Teater, Ole Bull Huset, Carte Blanche, BIT Teatergarasjen, Cornerteateret og Bergens Tidende. Støtta av Det dramatiske selskab.

Billettar

  1. DNS

    DNS