Lukk
Søk
Søk Meny

Perfekte barn syng

Ein sci-fi komedie for vaksne! Av Ingrid Weme Nilsen. Med Kristian Berg Jåtten, Ameli Isungset Agbota, Reny Gaassand Folgerø. Gjest: Øyvor Bakke.
  1. Spelar 6. mai kl. 19 og kl. 21
  2. Scene Logen Bar
  3. Varigheit Ca 50 min

Då bergensarane for første gong kunne gå på teater saman i mai i fjor vart dette markert med ei dramatisk lesning av Perfekte Barn Syng av Ingrid Weme Nilsen. Både prosjektet og framsyninga som var komme i stand i rekordfart, vart hylla av Bergens Tidende.

På dagen eitt år seinare, med ein pandemisituasjon mykje den same, står dei tre skodespelarane Kristian Berg Jåtten, Reny M Folgerø og Ameli Isungset Agbota igjen på scenen med denne nynorske science fiction- komedien.

 

Om handlinga:
Me finn oss i ei framtid der all kroppslig kontakt er ulovlig, sjukdommar eksiterer ikkje, intimitet er borte og barn blir bestilt via nett. Midt opp i alt dette har eit ungt par, som på slump, oppdaga gleda ved organisk kontakt, og plutselig byrjer magen hennar å vekse. Kva har skjedd? Er ho sjuk? Er dei i livsfare eller har dei regelrett mista forstanden? Paret blir snart gjenstand for både forskning og laurdagsunderhaldning.