Lukk
Søk
Søk Meny

Peer Gynt

Samarbeid med Bergen Filharmoniske Orkester i Grieghallen, sceniske konsertframføring av "Peer Gynt". Framsyningane 6. og 7. mai er ferdige, men du kan framleis sjå strømminga. (Arrangementet vart livestrømma direkte fredag 7. mai kl. 19.30. )
  1. Spelar
  2. Scene Grieghallen
  3. Varigheit ca 2 timar

Du kan sjå konsertframsyninga på eigen skjerm. Strøm frå Harmoniens side her

«Jeg håper min musikk har sin fremtid, selv har jeg bare min fortid» sa Harald Sæverud då han vart spurd om kva han trudde ville vare lengst – musikken hans eller anekdotane om han. På kveldens konsert får vi eit innblikk i hans musikalske univers. 

Den femte symfonien vert óg kalla «Motstandsviljens symfoni» og er den første av krigssymfoniene hans. Den einsatsige symfonien vart urframført av «husorkesteret» hans, Harmonien, 16. mars 1941 med komponisten som dirigent.

Sæverud sa først nei då han i 1947 vart spurd om å skrive ny musikk til Peer Gynt for Det Norske Teatret, men takka til slutt ja. Medan musikken til Grieg var romantisk og stemningsfull, mangla satiren, viddet og ironien. Sæverud si tolking var meir spontan, rå og vilter.

Dirigent Ingar Bergby, har gjestedirigert orkesteret fleire gonger og var i perioden 2003 til 2008 ansvarleg for orkesteret sitt norske og nordiske repertoar. Bergby var elev av Karsten Andersen, sjefdirigent for Harmonien frå 1964 til 1985, som frå 1960-tallet var den fremste tolkaren av Sæverud sin musikk, ofte med komponisten sjølv som ivrig tilhøyrar på første benk.

Henrik Ibsen sitt djupe og evige drama og Sæveruds musikk møter Jon Fosse sitt presise og skarpe språk i denne nynorske omsettinga av «Peer Gynt».

«Under arbeidet med desse små smakebitane frå Henrik Ibsens dramatiske dikt «Peer Gynt», er det ein tanke som fleire gonger har slått meg. Nemleg at Jon Fosse si nynorsk gjendikting gjer bortimot det same som Harald Sæverud sin musikk gjer. Den avromantiserer utan å forringe, byd på mothaker og gjer at eg oppdagar situasjonane på nytt og som opnar for større forståing for dette massive og viktige verket», seier regissør Bjarte Hjelmeland.

Arrangert i samarbeid med Bergen Filharmoniske Orkester

Ingar Bergby, dirigent
Bjarte Hjelmeland,regi
Lars Berge, Peer Gynt
Reidun Melvær Berge, Solveig og Ingrid
Karoline Krüger, Mor Aase
Edvard Grieg Kor
Bergen Filharmoniske Orkester
Harald Sæverud Symfoni nr. 5 ‘’Quasi una Fantasia’’

Harald Sæverud Peer Gynt, scenisk konsertframføring
Tekst av Henrik Ibsen, til nynorsk av Jon Fosse.

Harald Sæverud, foto: Roar Christiansen, Bergens Tidende.