Lukk
Søk
Søk Meny

Morgon og kveld

Takk til vårt kjære publikum i naust og forsamlingshus for god mottaking! Det kan hende det vert ein ny speleperiode neste år, så følg med!
  1. Spelar
  2. Scene Turné i Hordaland
  3. Varigheit 1 time

I eit fortetta «limbo-univers» møter vi Johannes i ytterpunkta av sin livssyklus. Den dagen han vert fødd og den dagen han skal over til den andre sida.

Vi møter Stig Amdam som fiskaren Johannes. Han skal saman med sin avlidne beste ven Peter gå igjennom livet sitt for å møte døden. Han ser, sansar og freistar å ta inn over seg kva det er som er i ferd med å skje. Erkjenninga om at livet skal til å sleppe taket veks fram i han etter kvart som han undrar, minnest, ser og får satt opplevingane sine i perspektiv. Heile tida er sjøen og arbeidsgjerninga ved kysten sterkt til stades som ramme for livsverket til Johannes. Forteljinga har rike religiøse og eksistensielle dimensjonar og snakkar til oss på ein særs sanseleg måte og er eit glimrande eksempel på Jon Fosse si magiske forteljarkunst.

Av: Jon Fosse

Bilete

Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Presseomtale

Gode kritikkar etter premieren 29. august:

Med

  1. Stig Amdam Fiskaren Johannes

Kunstnarleg lag

  1. Av: Jon Fosse
  2. Regi: Terje Skonseng Naudeer
  3. Dramatisering: Hildegun Riise