Lukk
Søk
Søk Meny

Min venn fascisten

Min venn fascisten hadde si siste framsyning 14.12. Tusen takk til publikum for flotte tilbakemeldingar!
Kjøp hotellpakke
  1. Spelar
  2. Scene Det Vestnorske Teateret (i Logen).
  3. Varigheit 2 t og 20 min inkludert pause.

I denne musikalen har vi med eit stjernelag av skodespelarar, med Lars Lillo-Stenberg i spissen som nazisten Fridolf.

Det er sommar. Seks venner er samla for sommarfest på brygga. Livet smiler. Men idyllen slår sprekker når politisk usemje mellom vennene siv til overflata: Er det eigentleg best med offentlege skular? Burde helsevesenet privatiserast? Kva meiner vi eigentleg om overvektige?
Eller fattige?

Festen får ein brå og uventa vending når ein mann i naziuniform plutseleg dukkar opp. Han har med heimebakt kake, ferskpressa eplesaft – og er i det hele tatt ein utruleg hyggeleg fyr…
Kven er denne mannen? Kvifor er han så glad? Og kvifor i alle dagar er han iført naziuniform?

Gjer deg klar for årets frekkaste og mest underhaldande musikal med deilig feelgood musikk og med sjølvaste Lars Lillo i ei rolle du garantert ikkje har sett han i!

AV: Klas Abrahamsson og Erik Gedeon
Produsert i samarbeid med Teater Ibsen.
Framsyninga hadde Norgespremiere på Teater Ibsen i Skien 13. september og vart spelt på turné på Austlandet september-november. 

 

Bilete

Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Presseomtale

Flotte meldingar etter både Noregspremieren 13.9 og Bergenspremieren 15.11!

Med

  1. Skodespelar: Lars Lillo-Stenberg
  2. Skodespelar: Karoline Krüger
  3. Skodespelar: André Søfteland
  4. Skodespelar: Sigurd Sele
  5. Skodespelar: Ida Ursin-Holm
  6. Skodespelar: Andreas Hoff
  7. Skodespelar: Mathilde Skarpsno
  8. Musikar: Sondre Veland
  9. Musikar : Ole Marius Sandberg
  10. Musikar: Trond Lindheim

Kunstnarleg lag

  1. Omsett: Finn Tokvam
  2. Regi: Arvid Ones
  3. Scenografi: Tormod Lindgren
  4. Koreografi: Hilde Sol Erdal
  5. Kostymedesign: Unni Bang Andersen
  6. Lysdesign: Erik Spets Sandvik