Lukk
Søk
Søk Meny

Løgn varar lengst

Framsyningane i november er avlyste på grunn av restriksjonane til Bergen kommune.
  1. Spelar
  2. Scene Logen
  3. Varigheit 1 time og 35 min. (utan pause)

Det byrjar med eit samlivsbrot.  Aslak flyttar frå ei lita dotter for å leve ei annan stad, med ei annan kvinne. Så kjem det eit brev frå ein advokat. 

Aslak Moe er ein instruktør som har spesialisert seg i framsyningar som nyttar røyndommen som råstoff. Bak seg har han fleire produksjonar som formidla særs personlege møter mellom mennesket på scena og oss som sit i salen.

Frå si eiga erfaring med delt foreldreskap, eit møte med  «foreningen 2 foreldre» og ein massiv research i norske foreldretvister, står no Aslak der med forteljinga om ein far - og ein splitta familie sitt møte med det norske rettsapparatet, politiet og påtalemakta. Med «Løgn varar lengst» tek Aslak sitt røyndomsprosjekt endå vidare med ei historie som har grepe så sterkt tak i han at han vil formidle den sjølv.

Regissør Aslak Moe har stått bak  «0+0=4» i 2013, ei dokumentarframsyning som omhandla norske justismord. Han hadde også regi på den sterke og personlege monologframsyninga "Fire begravelser og ett bryllup" med Morten Joachim. I Bergen er han også aktuell ved Den Nationale Scene med «Røyk over Isdalen». 

«Løgn varar lengst» hadde premiere på Teaterfestivalen i Fjaler 13. september. 
 

Av og med: Aslak Moe. Dramaturg: Solrun Toft Iversen. Ein samproduksjon mellom Aslak Moe og Det Vestnorske teatret. Foto: Det Vestnorske Teateret