Lukk
Søk
Søk Meny

Karantenebreva

Gjennom det absurde fjoråret skreiv Marit Eikemo og Kristina Leganger Iversen lange brev til kvarandre. Karantenebrev. Med tankar og refleksjonar rundt eit liv snudd på hovudet.
  1. Spelar
  2. Scene Logen Bar
  3. Varigheit ca 50 min.

Med tankar og refleksjonar rundt eit liv snudd på hovudet. - Om tida som kjennest som den er ute av ledd, - om korleis ein har byrja sette opp risikorekneskap for alt ein gjer, - om Black Lives Matter- demonstrasjonar, - nordmenn på ferie - men óg om kva ein heim er, og korleis sjonglere mellom å vere mor og kunstnar.
Desse breva er no blitt til ei framsyning, og urpremieren er på Nynorsklogen her på Det Vestnorske Teateret. Dei står sjølv på scena, og regien er ved Ingrid Askvik. Musikk, av og med: Stephan Meidell