Lukk
Søk
Søk Meny

Gubben og katten får julebesøk

Gubben og katten hans Findus gler seg storleg til jul. Det er vesle juleaftan og dei to venene skal førebu alt slik de alltid plar vere. Findus kan nesten ikkje vente med å få eit fint juletre i hus. Men så skjer det verste som tenkast kan.
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Logen Bar
  3. Varigheit 45 min.

Gubben og katten hans Findus gler seg storleg til jul. Det er vesle juleaftan og dei to venene skal førebu alt slik det alltid plar vere. Findus kan nesten ikkje vente med å få eit fint juletre i hus. Men så skjer det verste som tenkast kan. Når dei skal hogge det fine vesle juletreet dei har sett seg ut for fleire veker sidan, dett Gubben og får grueleg vondt i foten. Kva skjer med jula no når Gubben ikkje kan bevege seg og Findus er for liten til å ordne alt åleine? Korleis skal dei no få handla julemat på butikken? Kva med julevasken? Og kva med juletre? Det ser mørkt ut for Findus og Gubben Pettersen på julaftan. Men kanskje julestemninga og hjelpa er nærmare enn dei trur?

Gubben og katten får julebesøk er ei fin forteljing om vennskap og gleda ved å passe på kvarandre. Den minner oss på at omsorg for kvarandre og iderikdom kan gjere heile skilnaden, sjølv når ting er vanskeleg. 

Skodespelarar Lykke Kristine Moen og Oda Alisøy ser fram til å ta imot små og store til ei intim og musikalsk forteljarstund på Det Vestnorske Teateret. Ta ein pust i førjulstida og kom inn i varmen hos oss. Vi vil samlast om historia om korleis ein med omsorg og fantasi steller i stand ein julefeiring full av nærleik og kjærleik. Vi vil invitere til å oppleve gleda av å samlast, synge i lag og sjå magiske ting oppstå i forteljargleda. Kanskje kan vi, med vår iderikdom og dei tinga Oda og Lykke har på lur, saman skape den finaste julestemninga? 

Sven Nordqvist sin bokserie om «Gubben og katten» er kjent og kjær for mange. I dei seinare åra er det også lagd fleire filmar basert på bøkene.
Anbefalt alder frå 3 år. 

Stykket er basert på Sven Nordqvist si bok «Gubben og katten får julebesøk».
Det Vestnorske Teateret sin versjon er vidareutvikla av skodespelarane Lykke Kristine Moen og Oda Alisøy, som også spelar i framsyninga.

Billettar

  1. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Kjøp billettar
  2. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Kjøp billettar
  3. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Utseld

  4. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Kjøp billettar
  5. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Kjøp billettar
  6. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Kjøp billettar

Bilete

Foto: Jørn Lavoll
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}