Lukk
Søk
Søk Meny

Foreningen for By og Bygd

Ah! Endeleg er tid for ny konsert med Foreningen for By og Bygd, og denne gongen skjer det på Logen Bar
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Logen Bar
  3. Varigheit 1 time

Ah! Endeleg er det tid for ny konsert med Foreningen for By og Bygd, og denne gongen skjer det på Logen Bar, midt på Strilestripa.

Så kva kan du eigentleg vente deg, utanom fem blide bandmedlemer og ein open bar? Vi speler skeive låtar på nynorsk, og vi gjer det i båe sjangrar: Country og western. Namnet stal vi frå den tidlege homo-organiseringa i Noreg, og jammen dukka ikkje sjølvaste Kim Friele opp på debutkonserten vår. Då blei vi litt stolte.

Ganske mange av songane våre handlar om ulike former for samferdsle, og det er jo folk opptekne av her i vest. Det blir gjerne veldig god stemning når vi speler opp. Det er rart med det.

Foreningen for By og Bygd er:
Jens Kihl: Vokal
Helene Nilsen: Gitar og vokal
Endre Aasebø: Gitarar
May Frida Bosch: Trommer
Lars Korff Lofthus: Kontrabass

 

Billettar: 150 kroner på nett, 175 i døra.

Billettar

  1. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Kjøp billettar