Lukk
Søk
Søk Meny

Babettes gjestebod

Kun 2 speledagar igjen: 12.12 -Tofterøy bedehus, Sotra og 15.12 - Logen, Bergen.
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Logen og turne
  3. Varigheit 1 time og 10 min.

Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys. Stoffet har ein opnande kvalitet som stimulerer til refleksjon og glede. 

Denne vakre monologen med Ragnhild Gudbrandsen gjorde stor suksess hausten 2018 på kyrkjeturneen i Hordaland. Vi er no på vegen igjen med turné i Sogn og Fjordane og i Hordaland i november/desember. Dessutan vert det framsyningar to adventssundagar i teatersalen vår i Logen.

Vi trur at mange vil oppleve denne framsyninga i dei vakre kyrkjeromma igjen, samstundes som vi har lyst å spele for publikum i Bergen i vår eigen teatersal i Logen.
I sommar vart framsyninga spelt  under Olavfest i Trondheim med fullsett kyrkje og mange rørande og inderlege tilbakemeldingar. Det har også komme flotte teatermeldingar i pressen!

Litt om sjølve handlinga: Prostedøtrene  Mathilde og Phillipa er leiande i ein pietistisk kyrkjelyd i Berlevåg. Men kyrkjelyden har mista mykje av den krafta den ein gong hadde og er prega av alderdom og inngrodde konfliktar. Ei fransk kvinne, Babette, flyktar frå dei fryktelege krigshandlingane i Paris i 1871 og får arbeid som tenestejente hos søstrene. Ho tener dei trufast i fjorten år. Då vinn ho i eit stort lotteri og inviterer kyrkjelyden i Berlevåg på eit gedigent fransk måltid som overgår all fantasi og som forløyser både innstengde kjensler, gamle motsetnader og djup livsglede.

Vi har ønska oss å spele denne framsyninga i kyrkjene. Frå vår ståstad utgjer desse romma ei særleg eigna ramme for å samlast om beretninga om Babette, som etter å ha vore prisgjeve andre si barmhjertigheit etter eit langt liv på flukt, får høve til å gje tilbake. Ho vinn i det store lotteriet og i staden for å gripe sjansen til å få eit liv i fridom og komfort, legg ho alle sine ressursar i å gje. Gjennom sin matkunst, sin dedikasjon og dei midlane som uventa tilkjem henne, steller ho i stand eit gjestebod som overgår all fantasi. Hennar løn er gjestane si nyting og forløysing. Det å gjere det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har oppsummerar Babettes oppleving av meining i livet.

AV Karen Blixen

DRAMATISERING OG SKODESPELAR Ragnhild Gudbrandsen

REGI Stig Amdam

MUSIKK OG MUSIKKARRANGEMENT Nils Økland

Arrangert i samarbeid med HiHat management og lokale arrangørar.

 


 

Billettar

  1. Tofterøy bedehus

    Kjøp billettar
  2. Det Vestnorske Teateret i Logen

    Kjøp billettar

Presseomtale