Lukk
Søk
Søk Meny

2066 Atter ein konge

Regjeringen har bestemt at vi må halde stengt til 15. juni, dette betyr vi må avlyse speleperioden frå 26. mai til 31. mai.
  1. Spelar
  2. Scene Det Vestnorske Teateret (i Logen)
  3. Varigheit ca 1 time og 10 min.

Kjære publikum, 
Vi seier oss leie for dei ulempene det medfører for dykk at vi no avlyser «2066 Atter ein konge» på Det Vestnorske Teateret. 
Regjeringen har bestemt at vi må halde stengt til 15. juni og dette betyr vi må avlyse speleperioden frå 26. mai til 31. mai. Det er i dag uråd å seie om «2066 Atter ein konge» kan komme opp att på eit seinare tidspunkt

Vi saknar veldig å spele teater for publikum, men håpar tiltaka virkar og at haustsesongen vår kjem til å gå som normalt.

Du som har kjøpt billett kan velje mellom å få eit gåvekort på beløpet som du kan nytte når teateret opnar att, eller få refusjon. Dersom du ønsker, kan du også avstå og donere verdien av billettane til teateret. (Vi har opplevd at mange ønska det då vi avlyste Heim 3).

Viktig at du sender oss e-post til publikum@detvestnorsketeateret.no og forteljer oss kva du ynskjer, innan 31. mai. Det er til veldig god hjelp om du i e-posten tek med kundenummer eller ordrenummer. (Dette finn du på billetten din.)
Har du kjøpt hotellpakke, må du ta kontakt med Revy og Teaterservice på e-post: post@revyogteater.no 

Vi ber om forståing for at det kan ta tid å behandle e-postane og at vi i denne situasjonen berre kan handtere billettrefusjon og gåvekort per ordre. Dette vil seie at refusjon går til det betalingskortet som vart brukt ved billettkjøp. På samme måte kan gåvekort kun utskrivast på heile ordra og ikkje stykkast opp.

Vi håpar at de vil ha tilgode teateropplevinga hos oss. Så håpar vi landet snart er på beina att, slik at vi på ny kan samlast til teaterframsyningar i Logen. I mellomtida kan du få med deg den digitale flata vår «Saman kvar for oss», der vi på nettsida/fb-sida vår strømmer enkelte arrangement og deler kunstnarlege bidrag med publikum i teateret si dvaletid.

Beste helsing Solrun Toft Iversen
Bergen, 15. april 2020 

 

 

…………………………………………………………………………………………………………………………………..

 

 

 

Med «Atter ein konge» er Statsteatret komen til det tiande og siste kapitlet i sin alternative Noregshistorie der dei ser på hendingar i Noreg mellom åra 1066-2066.


«ALDRI MEIR 2031!».
Skiltet står sentralt plassert kor du enn snur deg i år 2066. I 35 år har menneska, vi som var att, funne ein måte å overleva på. Helst under bakken, for på overflata lurer allslags farar. Ragnar, kollegaen min, mista venstre arm til Ravnfolket i fjor. Men her i gruvene er vi trygge, vi har arbeid og mat. Kongen bevare oss.
Sagnet seier at før hadde dei maskiner til alt, til å kriga, til å laga mat, ja,- dei kunne til og med fly. Men det er no berre eit sagn. Og det er helst barn som trur på slikt. For det gamle samfunnet er borte no, øydelagt av Den store stormen. Det vesle som fanst att, er destruert. Slik måtte det vera. Menneska flaug for nær sola og så brann dei opp. Slik skal det ikkje gå med oss. Difor har ein ikkje lov å eige ting frå før 2031. Kongen bevare oss.
Men så er det nokon, ja, det er alltid nokon – forbanna nysgjerrige rævhol som ikkje vil innretta seg. Folk som grev i overflata etter relikviar frå den gongen menneska var på sitt mest stupide. Folk som rotar i oska etter ein tapt draum. Slikt blir ein hengd for. Heldigvis. Kongen bevare oss.

Av:
Yngve Sundvor og Statsteatret
Medvirkende:
Kim Sørensen
Per Kjerstad
Cato Skimten Storengen
Gard Bjørnstjerne Eidsvold
Urpremiere 9. mai 2020 på Oslo Nye Centralteatret

 

Tusen års historie i løpet av 10 år

StatsTeatret har frå 2011 til 2020 laga ti framsyningar i ein teaterserie som tek føre seg ulike historiske periodar og hendingar i Noreg mellom åra 1066-2066.
Med denne serien skriv StatsTeatret Noregs historie på nytt. Tusen år portrettert gjennom ti framsyningar i løpet av ti år. Dei har undersøkt kor vi kjem frå som folk, kvifor vi er blitt som vi har blitt, og fabulerer på kor vi er på vei som nasjon og som folk i framtida.
Med «Atter ein konge» er dei no komen til den tiande og siste framsyninga i denne unike serien.


Statsteatret ønsker å vere eit folketeater, eit teaterband med filharmoniske kvalitetar. Altså eit teater for alle. Publikum har teke imot deira teaterspråk med undring og kjærleik.

StatsTeatret avsluttar sitt store tiårs prosjekt med eit teatermaraton der dei spelar alle dei 10 stykka i serien etter kvarandre over to dagar.
Du kan sjå samtlige 10 i fortellinga: "Norge 1066-2066" 12. og 13. desember 2020 på Centralteatret Oslo Nye Teater. 

Bilete

Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}