Lukk
Søk
Søk Meny

365 Pingvinar

Figurteater av Open Window Theatre for barn. NB: Kun 3 framsyningar!
  1. Spelar
  2. Scene Logen Bar
  3. Varigheit ca 40 min.

Tenk deg at du lever eit heilt vanlig liv…
No, tenk deg ein morgon i januar, at nokon bankar på døra di…
Du opnar døra, overraska finn du ein liten pakke adressert akkurat til deg…
Du opnar den spent og…
Du finn ein PINGVIN ...og det er ikkje ein bamsepingvin!
Klarer du å førestille deg det?
Ja?
No, førestill deg det 365 gonger...

Framsyninga handlar om ein sympatisk familie som må klare seg gjennom eit år med fleire og fleire uønska gjestar. I denne kaotiske situasjonen kan matematikk komme til nytte: Telje, sortere og ordne. I tillegg må dei gå i gjennom mykje uventa når dei rare vesena dukkar opp. Eit godt samarbeid kan løyse problem som verkar umoglege å løyse.

365 PINGVINAR er eit figurteater av Open Window Theatre for barn frå 4 til 365 år. Framsyninga overraskar med si abstrakte, metaforiske og visuelt spennande form. Du får presentert matematikk på eit interessant vis, og sjå verda og naturen gjennom barna sine auge. 
Vi menneske er dei einaste på jorda som kan fortelje historier. Vi gjer det på forskjellige måtar. For oss i Open Window Theatre er figurteater den mest fantastiske måten å fortelje historier på. Det gir uendelege moglegheiter til å skape, og lar oss hoppe ut fra det kjente, krysse dei trygge grensene og opne fantasien. Skaparane av framsyninga inviterer til ei verd full av fantasifulle verkemiddel og overraskande historier.
 

365 PINGVINAR
Basert på boka «365 Pingouins» av Jean-Luc Fromental og Joëlle Jolivet 
© hélium/Actes Sud, Paris, Frankrike
Regi: Radosław Kasiukiewicz
Scenografi, dokker: Klaudia Laszczyk
Musikk: Mari Kvien Brunvoll
Animasjon: Anna Maria Šalva
På scenen: Dominika Minkacz - Sira
Teknikk: Jon Eirik Sira

Grafisk design: Klaudia Laszczyk
Produsent: Dominika Minkacz - Sira
Alder: 4 - 365 år

www.openwindowtheatre.com
 

STØTTESPELARAR
Bergen Kommune
Norsk Kulturråd
Fond For Lyd Og Bilde
Spenn
FFUK
Det Vestnorske Teateret