Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) er eit regionteater og vart etablert i 1988. Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Det Vestnorske Teateret har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske.
Drifta vert i all hovudsak finansiert av Staten og den største eigaren Vestland fylkeskommune. Vår eigeninntekt frå billettsal utgjer ca 37 % (2019 tal).
Det Vestnorske Teateret har fast scene i Bergen sentrum (i ærverdige Logen), Ole Bulls plass 6, som ligg like ved den blå steinen. Her spelar vi våre framsyningar for publikum i Bergen og tilreisande gjester. Du finn oss også ute på turné i Vestlandsregionen.
Vi skal renovere og bygge til teaterhuset vårt i Bergen over dei neste åra og i løpet av få år opne eit fullverdig nynorsk teaterhus i Bergen sentrum. På Stend i Fana har vi framleis prøvescene og verkstad. Administrasjonen har kontorlokale i Teatergaten 35 i Bergen sentrum. Teatersjef er Solrun Toft Iversen.