Lukk
Søk
Søk Meny

Strings attached

Velkommen til samtidsmusikk-festival for stryk og streng!
  1. Spelar
  2. Scene Skifte og Scene 2
  3. Varigheit

 


Vi feirar samarbeidet mellom Avgarde og nyMusikk Bergen med både internasjonale og lokale artistar med stryk og streng i fokus! Festivalpass kjøper du her

Fredagen opnar vi med ein konsert som vi ikkje vil avsløre heilt enno 😉. Deretter byr vi på fengslande musikk for bratsj og elektronikk, framført av sjølvaste Aida Carmen Soanea. Vi avsluttar kvelden med søkande, eksperimentell jazz frå Avian Art og Stein Urheim.

Skifte bar er open frå kl. 18:00.
Billettsal fredag 

 

På den andre dagen i festivalen får du ei fin blanding av lokalt og internasjonalt innhald, spent over fleir sjangrar. Her får du elektroakustisk eksperimentering med bergenstrioen Sigurd/Roar/Patricia, vi får vakker zithermusikk ved Tadja Krajnc, og til slutt groovy og leiken impro med duoen Strings & Timpani.

Skifte bar er open frå kl. 18:00.
Billettsal laurdag

 

På den siste festivaldagen får du et breitt spekter av musikksjangrar og musikerar fra Bergensmiljøet! Vi får samtidsmusikk med improvisasjon i open form med Obsidian Spontaneous Music Ensemble, vi får eksperimentell elektronisk musikk med musikarkollektivet Bergen Fremtidsmusikk, og vi får vakker, groovy kunstmetall frå Drott. Rett og slett ein prangende avslutning på festivalen!

Skifte bar er open fra kl 18.00.
Billettsal søndag