Lukk
Søk
Søk Meny

Rasmus Lagerberg Quartet

I samband med utgjevinga av debutalbumet «East and West» 30. mai, spelar Rasmus Lagerberg Quartet på Skifte Bar laurdag 14. juni!
  1. Spelar Laurdag 14. juni kl. 20:30
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit ca 1 time og 30 min.

 

Konsert i samband med debutalbumet East and West

I samband med utgjevinga av debutalbumet «East and West» 30. mai, spelar Rasmus Lagerberg Quartet Skifte Bar laurdag 14. juni!

 

Bandet består av fleire av dei mest framståande røystene i Bergens jazzmiljø, og spelar komposisjonar skrivne og arrangerte av vibrafonist Rasmus Vik Lagerberg. Musikken kan skildrast som energisk, melodisk, med fokus på samspel og rytmisk utforsking. Musikken er vidare ein representasjon av Lagerbergs personlege utvikling som student ved Griegakademiet og musikar i Bergen dei siste åra, og er inspirert av post-bop fra 60-tallet og den moderne akustiske jazzscenen i Noreg og USA.

 

Rasmus Vik Lagerberg - vibrafon

Aksel Røed - saksofon

Magne Thormodsæter - bass

Håkon Mjåset Johansen - trommer