Lukk
Søk
Søk Meny

Med kjærleg helsing

I serien "Med kjærleg helsing" kjem forfattar og tilsett ved Skrivekunstakademiet, Gunnhild Øyehaug, for å snakke om den amerikanske poeten Sharon Olds. Arrangementet byrjar kl. 19 og er gratis.
  1. Spelar Onsdag, 19. mars
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit ca 1 time.

Ho er både kontroversiell og verdsett i heimlandet sitt, men har fått rykte på seg for å vere ein "bekjennande" poet. Kva det vil seie, og kva kontroversane går ut på, kan du høyre Gunnhild Øyehaug om, onsdag 19. mars. Det er gratis inngang og ikkje påmelding! Berre å møte opp, altså.

 

“Partnaren min seier at det eg skriv / om kvinner er sjølv-sentrert – “Du er seksti år gamal”, ropar han, “og du skriv framleis om den første gongen du hadde sex!” Slik heiter det i eitt av dikta i samlinga ODER av Sharon Olds, som for første gong kjem ut på norsk denne våren. Gunnhild Øyehaug dykkar ned i problemstillingane som har følgt den prisløna poeten Sharon Olds sidan debuten; kva merkelappar kan finne på å dukke opp fortare enn svint dersom du skriv «All we wanted to do was fuck», og skriv hyllingsdikt til slike ting som jomfruhinna, venusberg-parykken, det kvinnelege reproduktive systemet og blow-joben, og kva har ho eigentleg gjort med sjangeren oden, når det også inneheld oder til kompost-toalettet?

 

Gunnhild Øyehaug er fødd i 1975, oppvaksen i Ørsta, busett i Bergen. Ho er utdanna cand.philol. og er lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho debuterte i 1998 med ei diktsamling, og har sidan skrive fleire novellesamlingar, romanar og essaysamlingar. Ho har også skrive manus til ein langfilm og ein kortfilm, og fått Sultprisen og Doblougprisen for forfattarskapen sin. Øyehaug er omsett til fleire språk. I 2018 vart den amerikanske utgåva av romanen Vente, blinke nominert til National Book Award, ein av dei mest prestisjetunge litterære prisane i USA. I 2022 vann ho O. Henry Prize for Short Fiction 2022 for novella Eple, som opphaveleg stod på trykk i Draumeskrivar og er trykt i tidsskriftet Freeman’s nummer om kjærleik omsatt til engelsk av Kari Dickson. I fjor kom romanen Her kjem sola ut til strålande kritikkar, og i år er dei samla novellene hennar gitt ut i forbindelse med forfattaren sin 50-årsdag.

 

Med kjærleg helsing er ein serie uformelle møter med forfattarar som snakkar om tema dei interesserer seg for, men som du kanskje ikkje veit at dei er opptekne av. Av Norsk Forfattersentrum Vestlandet, i samarbeid med Det Vestnorske Teateret.

Sharon Olds er både ein kontroversiell og folkekjær poet i USA. I vår kjem verket Oder ut, gjendikta av Endre Ruset og Joakim Kjørsvik. Dette er Sharon Olds’ første enkeltverk i norsk gjendikting.  Eit knippe av dikta hennar er representert på norsk i antologien Verden finnes ikke på kartet (red. Pedro Carmona-Alvarez og Gunnar Wærness, 2010).


Foto: Helge Skodvin