Lukk
Søk
Søk Meny

Fuglane

Basert på Tarjei Vesaas si meisterforteljing, inviterer Fuglane deg til ei gripande og visuell oppleving på Det Vestnorske Teateret, i hjartet av Bergen. Ei historie om draumar, utanforskap og kjensler.
Kjøp billettar
Kjøp hotellpakke
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Ca 2 timar inkludert pause

 

 

Video: Motstroem. 

Sjå fleire videoar og intervju med kunstnarleg lag her: 

Om Fuglane

Fuglane bygger på ein av dei vakraste romanane i verda. Forteljinga om Mattis «Tusten» er fortalt med ei enorm menneskeleg innsikt. Gjennom Mattis sitt barnlege og fordomsfrie sinn blir vi med på innsida av eit liv i utanforskap. Mattis er annleis. Det har ein sosial kostnad som skal få ein tragisk slutt. Med bruk av alle teateret sine verkemiddel, tek vi deg med inn i draumane, tankane og fantasien til Mattis. 

Fuglane

av: Tarjei Vesaas

  • Dramatisering og regi: Ida Høy
  • Scenografi og kostymedesign: Olga Regitze Dyrløv Høegh
  • Lysdesign: Randiane Sandboe
  • Musikk: Mari Kvien Brunvoll

Skodespelarar

  • Henrik Bjelland
  • Endre Hellestveit
  • Irene Waage
  • Sigmund Njøs Hovind
  • Vilde Biserød Vengnes

 

Opplev Fuglane

Framsyningar frå 28. februar til 5. april.
Vi spelar både opne kveldsframsyningar, samt på dagtid for Den Kulturelle Skulesekken, Vestland fylkeskommune. 
Ca 3000 elevar i VGS  skal få sjå Fuglane på dagtid!

Førsnakk med regissør:

Få meir ut av teaterbesøket!
Tysdag 25. mars kl.18.15 -18.45  inviterer vi til ein snakk på Skifte bar, før Fuglane. Gjest er regissør Ida Høy, som også har dramatisert Vesaas´ roman. Hovudtemaet blir vegen frå roman til scenetekst, og vidare til framsyning. Kva val har Høy gjort bak skrivebordet, og korleis har dei mynta seg ut i prøverommet, med det kunstarlege teamet, og til sist i framsyninga?

Førsnakken er gratis, og vert er dramaturg Aslak Moe.

Du er òg velkommen om du skal sjå framsyninga ein seinare kveld, eller har sett ho ved eit tidlegare høve.

 

Kunstnarleg lag

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar
  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Kjøp billettar

Bilete

Foto: Andreas Roksvåg
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Teatermeldingar

Meldingar etter premieren 28. februar