Else og Liv
Koronatiltaka hadde menneskelege kostnader vi aldri fullt ut vil kjenne følgene av.
Else og Liv er historia om to menneske som treng kvarandre. Dei har vore tette før, og opprettar no kontakt igjen på grunn av krisa. Samtidig truar den same krisa med å skilje dei, før dei når kvarandre heilt.
I ein kjenslemessig berg- og dalbane av ei historie følger vi dei frå dei første forsøka på å nærme seg, til dei blir stilt andsynes kvarandre i val som vil prege resten av liva deira.
Du kan lytte til dei tre episodane kvar for seg, eller gå til “Heile serien” og høyre alle tre samanhengande.
Else og Liv
Skrive og regissert av Aslak Moe
Lyddesign Kato Ådland
Dramaturg Solrun Toft Iversen
Musikken er frå Universal Production Music.
Else : Ragnhild Gudbrandsen
Liv: Reidun Melvær Berge
Sjukepleiar: Christine Hope
Politibetjent og drosjesjåfør: Sigmund Njøs Hovind.
Doplangar og sjukehusresepsjonist: Reny Gaassand Folgerø
Produsert av Det Vestnorske Teateret, i 2023.
Aslak Moe har regissert fleire høyrespel for NRK Radioteatret, m. a. Kongshavn, Flavaladen og Dommer Hamre. Han står også bak fleire teaterframsyningar som er kjenneteikna av interessa for enkeltmenneske sitt handlingsrom i møte med samfunnet sine reglar. På Det Vestnorske Teateret har han regissert “Min Kenneth”, “Løgn varar lengst” og “Politi”. Han er også knytta til teateret som husinstruktør og dramaturg i staben til teatersjef Thomas Bye.
Tidlegare teatersjef Solrun Toft Iversen ved DVT, om bakgrunnen for dette lyddramaet:
Undervegs i pandemien hadde eg gleda av å reflektere saman med kollega Aslak Moe om korleis restriksjonar avgrensa våre mogelegheiter som kunstinstitusjon. Å verte skilt frå publikum gav godt høve til å reise spørsmål om korleis vi kunne spegle den tida vi stod i, treffe publikum med forteljingar som var relevante for dei.
Opplevinga av å ha vore isolerte kvar for oss i eit strengt smittevernsregime fekk mange konsekvensar. Vi treng å handsame desse erfaringane i eit kunstrom. Slik kom det til at eg bad Aslak skrive og regissere ei forteljing med utspring i dette. Det vart til “Else og Liv”.
Foto: Stig Håvard Dirdal.